Luke 24
Der låg julafta og glimra
Med relativt god tid
Sistedagsstress
Ei pannekake hos Jan Ivar
Julekveld på Tuhodel
Julafta er framleis ein rar og litt annleis dag. Dagen då me alle er litt ungar og litt på leit etter magien som av og til dukkar opp i alle sine liv. Og det var verkeleg litt magisk å sitja i det gamle huste på tu med masse snø og skikkeleg vinter i skogsholtet utanfor, med levande lys og dekketallerknar i gull, og eta deilig pinnekjøt med kålrabi og å opna pakkar saman etterpå. Me var litt halvsjuke hos oss. Halvard var litt betre enn dagen før, men Odd Christian vart gradvis ganske dårleg, og måtte kjørast heim til den heimlege sofaen etter julegåveopninga. Det er ein slags kombinasjon av forkjølelse og influensaliknande symptom som har kome til heimen. Bare Sunniva er så godt som heilt frisk fordi ho blei dårleg ei veke før oss andre. Men dei fleste av oss held oss på beina og er ved godt mot.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, jul, vinter