Gå til innhald

Ordplukkar.

januar 10, 2011

Eg legg ut eit til «ferdig lufta dikt». Og så gjer eg merksam på at dette er det andre innlegget i dag om nokon har lyst til å lesa det første og. Eg har sett at ofte gøymer det første innlegget seg dersom det kjem to på ein dag, slik at ingen oppdagar det. Dette er eit diktinnlegg frå ein ordplukkar, forresten…

@font-face { font-family: «Times»; }@font-face { font-family: «Cambria»; }p.MsoNormal, li.MsoNormal, div.MsoNormal { margin: 0cm 0cm 0.0001pt; font-size: 12pt; font-family: «Times New Roman»; }p.MsoFooter, li.MsoFooter, div.MsoFooter { margin: 0cm 0cm 0.0001pt; font-size: 12pt; font-family: «Times New Roman»; }span.FooterChar { }div.Section1 { page: Section1; }

Eg går her og plukkar ord,

som andre plukkar tytebær

eller store mogne plommer.

*

Eg bøyer meg ned

og plukkar dei opp frå grøftene,.

Eg finn dei mellom blomane

eller oppe i greinene på store tre.

Det er dei aller vanskelegaste,

orda å få tak i,

for eg er ingen flink til klatrar,

men eg gir meg ikkje så fort,

dei skal i bøtta alle saman.

*

Der skal dei ligga

til eg kjem heim,

til eg finn fram sukker

og syltepulver,

eller kanskje

den store saftkokaren?

*

Det gjeld å finna balansen

mellom dei søte og dei sure.

Eit og anna salt ord

hender det og at eg finn

ein sein kveld

under ein lyktestolpe.

*

Bestemor hadde bærhentar på loftet.

Sjølv har eg laga meg ein ordhentar,

ein håv med svært langt skaft.

*

Han er fint å ha

på bussen om kveldane

eller på  toget

når det regnar og bles ute,

og nokon har tend lys inne i vogna.

*

Då legg orda seg

lunt og koseleg

som mjuk musikk

under taket.

*

Men om sommaren i august

er det betre å gå

gå langs jernbanelinja.

Helst ein stad der det ikkje går tog

For å plukka ord,

som luktar godt av tjøre,

gras og ville blomar.

*

Det kan til og med tenkjast

at nokon har kasta frå seg

eit og anna ispapir

mellom jernbanesvillene.

Dersom det ikkje har regna alt for mykje,

kan du framleis sjå bokstavane.

*

Bokstavar er fine å ha.

Ein treng mange av dei om ein skal laga dikt,

så det gjeld å halda auga opne.

heilt til bøtta er full

og du må snu og gå heim att.

*

Om du då ikkje

tilfeldigvis skulle slumpa til

å ha ekstra store lommer

den dagen.

*

Kanskje nokon tenkjer at dette er eit dikt for barn, og det kan godt henda. Eg hiv meg på Tor Åge Bringsværd som seier at han skriv for menneske, ikkje for barn eller vaksne.

Heidi

From → Poesi, Skriving

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget