Gå til innhald

Laurdag vart ein fin dag.

februar 9, 2011

Det har vakse opp eit høghus i den vesle byen vår. I attande etasje er det eit selskapslokale, og når ein sit der kan ein sjå ut i alle retningar, langt utover havet i vest og mot landskapet i aust som byggjer seg oppover frå den flate landstripa ytterst ved havet.

Når ein tek heisen opp  dit, blir dei av oss med litt høgdeskrekk ståande og svaia litt innvendig ved første blikk ut vindauget. Det er høgt ned og det er ope og fritt slik at ein svimlar over utsikta.

Ein gong før har eg vore der på arrangement, så eg har endå ikkje rukke å bli van med det. Denne gongen er eg her for å høyra Synneva lesa dikt. Ho har med seg Erlend Lygren på slagverk og rytme og ein eg ikkje kjenner på saxofon og rytme.

Orda er Helge Torvund sine. Ho meislar dei så tydeleg ut for oss at bileta blir ståande like klare som røyndom og dirra over jærlandskapet. Han skriv om kjærleik, om det å vera levande, elska og vera til, og tonane løfter det opp. I det ho tek imot applaus og blir takka flyg fem langhalsa svaner forbi like utanfor vindauget. Etterpå blir me serverte mat. Kvit skrei på ei seng av grilla rødbeter med eit rosa posjert egg på toppen og ein saus eg aldri før har smakt.

Om kvelden er me i femtiårs dag hos Jane, barndomsvenninna mi. Ho har dekka langbord i eit gammalt stamphus. Etter at me har sett oss til bords får me ein varm velkomst. Ho går rundt bordet, tek på kvar og ein av oss og fortel kven me er og korfor ho er glad i oss. Det blir så fint at eg får ein klump i halsen, her er tante, onkel, naboar, barndomsvenninner, mor og kolleger i ein herleg blanding. Me et smørbrød og ho held tale der ho snakkar om kor mykje gost livet har gitt henne og at det er fint å fylla femti.

Sønene held talar, varme talar, og dei viser oss bilete frå tida som har gått. Ein lite barnebarn har ho fått, og den vesle smilande babyen helsar oss frå ein storskjerm. Etterpå et me kaker og drikk kaffi og så dansar me til melodiar frå syttitalet. «By the rivers of Babylon, where we sat down, there we were, when we remembered Zion».

Og femtiåra er truleg eit interessant kapittel i livet som i beste fall kjem og kjem.

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget