Gå til innhald

Angripen av reisefeber

februar 10, 2011

Eg er eit slikt menneske som sjeldan lengter vekk. Eg har det bra der eg er. Likevel er eg glad i å reisa, men dersom det å koma seg frå A til B involverer å forflytta seg gjennom lufta, blir eg som regel angripen av reisefeber.

Før hadde eg skikkeleg flyskrekk, eg førebudde meg på å måtta sjå døden i kvitauget kvar gong eg gjekk inn i eit fly. Nå reknar eg meg som helbreda frå flyskrekk, dei siste fem  åra har det gått kjempefint å fly, men eg må innrømma at slike turar framleis er forbundne med ein viss uro.

Det første som skjer med meg når eg er uroleg eller veldig stressa, er at motorikken og konsentrasjonen sviktar meg litt. Andre kan bli sure, irritable eller lynande effektive. Eg blir fomlete og gløymer kor eg har lagt ting. I går kveld leitte eg etter flybiletten i noko bortimot panikk og fann han att på golvet på arbeidsromet.

Eg skal på studietur til London. Det blir faktisk den andre studieturen til London for mitt vedkomande. I oktober var eg der med kollegiet i kulturskulen, og i dag reiser eg med kollegiet frå grunnskulen. Eg er sjølvsagt djupt takknemleg for at slike som meg, som er i midlertidig permisjon, og får lov til å vera med. London er ein kjempefin by, og eg er heilt sikker på at det blir ein fantastisk fin tur når me bare kjem oss dit.

Me kjem heim ved midnatt sundag kveld, og grytidleg måndag morgon må eg på flyet til Oslo der eg skal vera med på eit kurs i kunstformidling, så her går det unna. Det blir faktisk ein av dei første gongene eg reiser aleine med fly… Elles så tek eg alltid toget så sant det let seg gjera. Toget er utan tvil mitt framkomstmiddel nummer ein, og eg gler meg til å ta det heim att… Men reint logistikkmessig er det ingen veg utanom fly måndag morgon… Men den tid den sorg. Det kjem så klart til å gå så fint som bare det… Og først er det London…

Heidi

From → Reiser

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: