Mennesket og maktene
er den treffande tittelen på Olav Duun si bok om befolkninga på eit øyvære som vart trua av naturkreftene. Denne tittelen passar uallminneleg godt som overskrift på hendingane i verda den siste veka og. Eg har gått omkring i ein litt anspent tilstand midt i alt som er bra, og det første eg gjer når eg kjem heim er å springa til datamaskinen eller radioen for å sjekka tilstanden i Japan. Å få tre store katastrofer i hovudet samtidig er meir enn folk burde oppleva, og eg tenkjer heile tida på dei som er ramma av dette. Eg må jo innrømma at det kjennest ekstra uhyggeleg med den truande atomkatastrofen. Det minner oss om at verda er lita, at mennesket trur dei har kontrollen og at naturkreftene er sterke.
Nyheitene vekslar mellom å begatellisera det som skjer til å bruka ord som apokalypse. Keisaren av Japan ber for folket sitt, og det håpar eg alle andre gjer og; ber til sine gudar slik at bønene kan legga seg som eit vernande teppe om den klinkekula me bur på.
Eg var blant dei som på slutten av 70-talet gjekk med jakkemerke med «Atomkraft nei takk», og det flagget er eg framleis villig til å heisa. Eg tenkjer at når verda forhåpentlegvis kjem seg nokonlunde heilberga gjennom denne krisa så må det ettertanke til i forhold til andre atomkraftverk rundt på kloden og kor sikre dei er. Og med min litt hypokonderiske hjerne så ville eg gjerne at nokon av dei som har greie på det skulle fortelja meg at atomvåpenlagera i verda under ingen omstendigheit kan bli påverka av reine naturkatastrofer. For ein merkeleg art menneska er som har noko så sjukt som atomvåpenlager på jorda. Men nå reknar eg med at det er fantasien som spring av garde med meg, eg håpar i alle fall det…
Og i følgje dei som har greie på det, så er det svært lite truleg at me i vår ende av verda blir påverka av det som går føre seg i Japan. La oss håpa det. Samtidig er tanken på ofrene for tsunaen og jordskjelvet og for alle dei som er redde for ei atomulukke noko som spøkjer i hjernen min. – Og det er eit betimeleg spørsmål korfor ikkje tørkekatasrofer og hungersnaud i afrikanske land berører like djupt.
Det er mange spørsmål, men eg gjer som den japanske keisaren, ber om at det ikkje må bli verre i Japan enn det er nå, og at menneska må få visdom til å forvalta jorda på rett måte.
Og eg har brukt tida i dag og i forgårs til å leggja ut på nettet ei diktsamling eg skreiv for 11 år sidan og ikkje fekk gitt ut. Samlinga heiter «Appelsin i regnet», og for interesserte så kan dikta finnast her: http://appelsiniregnet.blogspot.com/
Og eg har hatt tre klassar på kunstutstillinga på biblioteket og snakka om dei store spørsmåla i livet som bileta får ungane til å tenkja på. I kveld var eg i lag med Gry og kjærasten min og høyrde Tore Rem halda foredrag om Jens Bjørneboe. Det var veldig interessant. Før jul las eg den store biografien hans om Bjørneboe i to bind. For eit merkeleg og samansett menneske Jens Bjørneboe var.
Og nå må eg inn og sjekka om det er noko nytt i Japan.
Heidi