Gå til innhald

Bakerens barn.

mars 14, 2011

Akkurat nå lir denne bloggen litt same skjebnen som bakaren sine barn som i følgje ordtaket ikkje får brød… Eg har så mykje å skriva at eg ikkje får tid til å skriva her, paradokasalt nok… Dagane er korte og eg har så mykje eg har lyst til å nå. Men eg kjem sterkt tilbake.

Det eg ville leggja ut her nå i kveld, var denne linken: http://regnbogesomrar.blogspot.com/

Då eg var 24 år gav egut den første diktsamlinga mi. Den andre kom tre år seinare. Sidan dei nå for lengst er historie, valde eg å laga ein historie med dikta frå desse samlingane saman med fotografi som kjærasten min har teke. Det aller første biletet er frå eg var to år, så det har far teke, og fire av bileta er Sunniva sine. Så velkomen innom om de har lyst til å lesa.

Eg vil så gjerne gje ut ei diktsamling, og legg slagplanar for korleis eg skal gripa det an. Og så er eg heilt hekta på å lesa lyrikk. Det er synd at så få av oss tek seg tid til å lesa dikt. Sjølv har eg hatt mange år der eg mest ikkje har hatt tid til det, men nå landar eg i lyrikkhyllene med stort velbehag.

Og elles går eg i fantastiske 50-årsdagar, leikar kunstpedagog og jobbar med forestillingar.

Carpe diem!

 

Heidi

4 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Mi kjære Heidi! Dagane vert lengre og lysare…… Gler meg til du prioriterar Andedrakt…..høyrer nyss om at eg går glipp av eitkvart du legg ut på fjesboka…… Alt godt til deg og dine! Sjølv gler eg meg til Spania og Solklubb i sommar. Sjekk http://www.solgarden.no og Familieferie 🙂

  2. Heidi permalink

    Solgården er fine greier. 🙂

  3. Jarfeld permalink

    Takk for linkane, Heidi, du treff blinkane, ein etter ein, makelaust å finna tekstar av slikt kaliber. Og, som du vil sjå, «Snøklokkesjel» sette seg fast hos meg og laga djupe spor. Du er ein sterk formidlar, Heidi. Og ein ordkunstnar som til og med ber blomar i snø! Tusen takk!!

  4. heidi permalink

    Det var vakkert sagt, Jarfeld

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: