Gå til innhald

Alle dei kvite stjernene

mars 19, 2011

Eg var så heldig å ha ei bestemor, ei mormor, som sjeldan var meir enn to minutt unna meg dei seks første åra av livet mitt. I tillegg så hadde ho uendeleg mykje tid for meg. Eg kan omtrent ikkje hugsa at ho sa eg måtte venta når det var noko eg ville.

Nå, i eit travelt vaksenliv, kan eg mest ikkje fatta at det fantest vaksne med så mykje tid for barn. På Lucianatta i 1993 døydde ho, nitti år gammal. Dei siste tre månadane ho levde, budde ho på sjukeheim. Sjukeheimar var noko ho frykta mest av alt, og sidan ho var grunnleggjande engsteleg, så seier ikkje det så mykje.

Livet hadde ikkje bare fare fint med henne, men for meg var ho ein av dei viktigste personane eg nokon gong har kjend. Eg var svært glad i henne.  Livet ville det slik at akkurat denne hausten var eg i barselpermisjon med ei nyfødd lita jente. Det gjorde at eg kunne besøkja henne så å seia kvar dag desse månadane. Vesle Sunniva var i fanget mitt, eller ho låg på eit teppe, og øvde seg på å krypa. Dei to sende dagleg tannlause smil til einannan, og eg var plutseleg den vaksne.

Då bestemor pusta ut for siste gongen, var eg heime for å sova mellom nattevakene, men eg var der då ho somna for siste gongen. Bror min kom for å henta meg med bil, for dei hadde sagt på sjukeheimen at ho nærma seg slutten. Han fortalde meg at han akkurat hadde sett eit stjerneskot, og me hugsa begge den gamle historia om at når eit menneske døyr fell det ei stjerne frå himmelen.

Då me kom fram, møtte mor oss på gangen og sa at det var over. Etter at dei hadde steld bestemor, fekk me koma inn. Dei hadde bunde opp andletet med kvitt klede, så ho likna plutseleg på ei nonne der ho låg. Det forundra meg å sjå korleis alle spora livet hadde sett i andletet hennar ikkje var der lenger. Døden hadde glatta dei ut.

Med veslejenta mi på armen stod eg der og skulle ta farvel. Eit farvel til bestemor som var ferdig med å leva, medan eg stod der med Sunniva som nettopp hadde begynt å leva. Barnet forstod sjølvsagt ikkje kva som hadde berørd dei vaksne så sterkt, og smilte trøystande og tannlaust til alle som var der.
I dag har eg lagt ei lita samling tekstar frå denne tida ut på internett. Du kan finna dei her.

http://alledeikvitestjernene.blogspot.com/
Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget