Gå til innhald
Tags

Telja dagar og telja steg

mars 23, 2011

Kva som skal gje dei beste teljeresultata er ikkje godt å seia.

I går var det første dagen i livet mitt med ein stegreknar i bukselinninga. Det meste skal prøvast her i livet. Det var ein dag med mykje naturleg gåing innelagd, fordi eg skulle hit og dit og i grunnen har til vane å gå på beina dit eg skal, dersom det let seg gjera. Om kvelden viste det seg at eg hadde gått 18201 steg den dagen, noko som scora svært høgt opp på den lista eg hadde funne over kor mykje ein bør gå kvar dag. Det stod i artikkelen at svært mange blir sjokkerte over kor lite dei går i løpet av ein dag, men for meg var det faktisk motsatt.  Men det skal nok noko til å toppa suksessen i dag, for dette er meint å vera ein skrivedag med eit litt lågare fysisk tempo. Eg får håpa at to timar på tangokurs i kveld kan gjera susen. Og eg har teke meg sjølv på fersken i å gå fram og tilbake på kjøkkengolvet bare for å få mange steg, og i å småtrippa under oppvasken. Verda vil bedrast, og eg får håpa at eg djupast sett lurer meg sjølv inn i noko positivt.
Det å telja dagane sine som det står så fiint i bibelen er mindre handgripeleg. Visst vil eg telja timane mine, strekkja dei ut og bruka dei maksimalt. Det minkar på permisjonsåret, og eg har så utruleg mykje eg gjerne vil bruka tida mi til. Det må ikkje få bli ein mani verken dette å rekna steg eller timar som gjer at ein ikkje får gjort stort anna enn å telja. Og djupast sett er eg vel eit priviligert menneske som er fødd sånn omtrent utan evne til å kjeda seg. Sjølv om det å kjeda seg i fylgje psykologar og filosofar visstnok skal vera sunt, fordi det er då ein blir kreativ.

Og eg høyrer lyden av hovane til våren som kjem som ein vill hest med flaksande man. Han er ikkje lenger unna enn at det er på tide å gjera seg klar til å svinga seg opp på hesteryggen i fart, sjølv om eg altså er litt redd for hestar og aldri har gjort det før. Eg står klar med raude gummistøvlar og godt mot.

Her luktar det svidd, eg må ut på kjøkkenet og sjå om Ingrid sine muffins treng å bergast ut av omnen.

Det hadde ho klart sjølv, heldigvis. Og i går fekk Sunniva vita at ho hadde kome på andre plass i ein fotokonkurranse ho tok del i. Eg let meg imponera. Den jenta er overalt samtidig og rekk det meste.

Eg har gitt meg sjølv ein tidsfrist på ei drøy veke til å få send diktsamlinga mi inn til «Det norske samlaget» innan den 1. april. Sjå nå har eg skrive det her på internett. Då har bordet fanga og eg er bunden til å gjera det. Det siste steget er vanskeleg å ta. Ikkje fordi det er ein høg terskel på å senda inn manuskript til forlag, det har eg gjort før, men fordi eg gjerne vil at det skal vera bra og skikkeleg gjennomarbeida før eg sender det frå meg.

Nå vel eg å gå direkte til eit stort forlag denne gongen, fordi eg veit at mange små forlag har slutta heilt å gi ut dikt. Dessutan liker eg godt nynorskprofilen i «samlaget» (Ja, eg veit at forlaget har eit merkeleg namn i svenske øyrer…).

Eg veit at porten er trong og vegen smal inn dit, og om eg i det heile tatt kan ha noko håp om å bli anteken, nei det veit eg ikkje heilt. Men me prøver… Til rors Columbus…
Men først skal eg ut og handla litt. Sjølvsagt skal eg gå til fots. Og skulle eg møta Våren på vegen, så veit ingen kva som hender…

Heidi

2 kommentarar
  1. emma permalink

    Lykke til…

  2. heidi permalink

    Takk takk 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: