I mange år var mitt liv et eneste rop
I mange år var mitt liv
et eneste rop-
*
Hvor skal jeg gå hen med meg selv?
Jeg brant i det veiløse.
*
Da brant Du deg
inn i mitt liv.
*
Du svarte: Vær varsom,
for verden gråter.
*
Tørr dens tårer
med stillhet.
Wera Sæther
Ein gong i livet mitt, kanskje då eg var omkring tjue år gammal brann dette diktet seg inn i livet mitt, og sidan har det vore der, som ein slags kommetar til kva det vil seia å leva og gjerne vita kor ein skal gå hen med seg sjølv. På den tida las eg alt eg kom over av forfattaren Wera Sæther. Ho har ei evne til å vera journalist i eige liv som eg fann fascinerande.
Og dagen har rulla på. Først møte med kollegene i kulturskulen. Eg kjende at eg får mykje å gjera framover. Kunsten blir nå å finna balansen mellom det som er oppgåvene mine her, dette å førebu neste års arbeidsoppgåver i skulen, noko eg skal på møte om i morgon, og dette å faktisk framleis halda av ganske mange tidar til eige skriveprosjekt samtidig som eg skal ut og gå mest mogleg…
I fjor og året før hadde me ingen firbeint liten Oscar i huset. Det har me nå. Noko som er litt komisk er at ein av oppgåvene i livet er å kjøra Oscar til og frå hundemassasje. Han treng nemleg fysioterapi etter ein stor Calve-Legg-Perth-operasjon for eit par månadar sidan. Det vil seia at Ingrid kjører bilen og eg er moralsk støtte og medhjelpar. Eg innrømmer glatt at ikkje alle gener frå meg er like brukbare. Eg er fødd sånn omtrent heilt utan retningssans, og dessverre har Ingrid arva litt av det eg ikkje unnar nokon å arva, me tok av feil avkjørsel på motorvegen og kjørte oss vekk. Steminga i bilen gjekk seg varm medan me fortvila prøvde å orientera oss. Heldigvis sit Oddvar i Porsgrunn med eit bortimot fotografisk minne for veg og retning. Han tok seg tid til å guida oss sjølv om han var midt i eit laboratorieforsøk.
«Kor er dokke nå? OK, ta til høgre, nå er du i ein slag nedoverbakke, i neste kryss tek du til høgre igjen, kjkør til du ser ein tunnell…» Eg let meg verkeleg imponera. At nokon kan deltaljguida på veg medan dei sit ein annan stad i landet er meg eit mysterium. Me har brukt han før og: «Nå kjem du snart til ein bensinstasjon på venstre hand og eit blått hus på høgre hand, ta til venstre ved det blå huset og så til høgre mellom 70-skiltet og det første store grantreet…» Eg legg meg flatt. Sjølv er eg bare til irritasjon og forvirring. «Ja, eg trur kanskje det er feil, nei vent, kanskje det er rett likevel, nei uff nå blir eg usikker…» Oddvar er i ein del tilfelle akkurat det me treng mest…
Og me kom fram til den veldig søte hundemassøren vår i tide. Ho kunne fortelja at ho er svært nøgd med pasienten som gjer store framskritt frå gong til gong. Då smiler me stort og betaler med glede, medan me lurer på om me finn vegen heim att…
Nå har eg laga Chicken tandoori til alle i heimen, og rekk akkurat å lasta oppvaskmaskinen før me skal ut på besøk.
Og i beda våre blømer det masse «Tulipaner fra Amsterdam» som dei song så mykje om i radioen då eg var lita. Me kjøpte ein stor pose blomsterløk på flyplassen i Amsterdam på veg heim frå Barcelona i haust. Nå blømer dei så fint som bare det. Nokre gonger er eg kjempestolt av at eg faktisk har vore i stand til å visa tendensar til langsiktig tenkning.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, blomar, Oscar Otto, Tru, våren