Gå til innhald

Maibloggen 2011

mai 1, 2011

er med dette opna…

I ganske mange år har eg gjennomført det litt sære prosjektet å skriva på bloggen kvar einaste dag i heile mai-månad. Eit av livsprosjekta mine er å la tida roleg koma og gå inn i kvart einaste sekund. Om eg klarer det er ei heilt anna sak, og eit veldig ope spørsmål. Livsappetitten min er så stor, og eg ender med å hala og dra i dagane fordi eg har så veldig mykje eg helst ville ha brukt tida på og aller helst samtidig. Eg har lang erfaring med å prøva å gjera døgna eit par timar lengre enn dei eigentleg er, men innser at det til ei viss grad er kamp mot vindmøller. Og sjølvsagt er det eit paradoks å bruka tida til å skriva blogg viss tida frå før av helst burde brukast til tre andre ting samtidig… Og det største paradokset er å gjera det kvar dag i mai, den mest intense månaden eg kan tenkja meg.

Men det var nettopp derfor eg ein gong i tida, lenge før eg begynte å skriva blogg at eg såg meg ut mai som månaden som burde protokollførast mest mogleg nøyaktig. Då skjer det så mykje at ein mest mistar pusten, og så mykje liv burde det då vera verd å ta vare på. I ein slags Knausgårdaktig tone prøvde eg ein gong då ungane var små å skriva fem minutt kvar vakne time i mai månad, resultatet gjekk sjølvsagt på nasen i grusen nokså fort men tanken var då spennande.

For ei stund sidan gjekk det opp for meg at livet ikkje bare går i linje. Det går i ein slags spiral gjennom årstidene. Nå opnar døra seg til maimånad og me går inn i eit rom i livet der me kjenner oss att fordi me har vore der før. Når eg klikkar på menyen og les det eg skreiv i tidlegare år så kjenner eg meg att. Eg er heime i yndlingsmånaden min, og livet skal koma.

Eg ser at våren er tidleg i år. Trea er grøne, graset grønkande, i Sandtangen bugnar det av kvitveis, gauksyre, løvetann, hestehov og små fiolar og i hagen vår blømer kirsebærtreet i full prakt på den vesle hageflekken mot gata der det eigentleg ikkje er plass til eit heilt kirsebærtre, men på grunn av den eine veka i mai med dei kvite fine blomane, får det lpv til å stå. Kirsebæra er sure og treet er for stort, men dei kvite blomane er så fine den korte tida dei heng der før kronblada dalar som snøfnugg mot graset.

Og dagen vaknar langsamt til liv i heimen. Kjærasten min spelar golfturnering, og eg har drukke svart kaffi og lese avisar. Utanfor er det sol og nydeleg ver slik det faktisk har vore det i fleire veker nå. I går var me i konfrmasjon til fadderbarnet Maren, og eg blunka vekk nokre tårer som eg alltid gjer i kyrkja under dåp konfirmasjon og bryllaup. Etterpå var me på releasefest på Garborgsenteret og høyrde «Sult», rockemusikk til Knut Hamsund sine tekstar. Frank Robert imponerte på scenen som vokalist.

Det tok litt tid før dei tre yngste residerande ungdomane, Halvard, Vilde og Sunniva var heime frå mellom anna 18 årsdag. Om tre veker er Sunniva 18 år, og dersom eg er i stand til å gjennomføra det, så er eg løyst frå oppgåva eg har lagt på meg sjølv, å vera vaken til ho kjem heim om kvelden til den dagen dei fyller 18. Om mindre enn halvanna år er Halvard over den same grensa, og me har rett og slett ikkje «barn» i huset lenger.
Men framleis er huset godt befolka med tenåringar, student, foreldre, hund, katt, undulat og gullfisk, så enn så lenge syder det av liv her. Liv og kaoskrefter-, så snart skal eg i husmormodus, ein tilstand eg truleg bruker litt for lite tid på, men som tidlegare sagt, tida er for kort.

Til Tomasmessa i kyrkja i dag skal eg laga ei bønnevandring. I tillegg har eg blitt utfordra til å laga ei syndsvedkjenning. Det er eit merkeleg oppdrag på sett og vis, men det kjennest viktig og fint. Mange meiner at kyrkja er for oppteken av synd. Det kan det absolutt henda at ho er og i alle fall har vore, men eg ser likevel det fine i ei ærleg syndsvedkjenning. I kyrkja forventar ingen at ein er perfekt. Tvert i mot lever ein med at ein har med seg mykje i livet som ikkje er som det ideelt sett skulle ha vore. Ein får lov å tru at ein kan legga det av seg og retta ryggen og så gå vidare som eit kjempande menneske i kampen for å løfta opp alt som er godt og rett. Eg har høyrt mange seia at det må kjennast bra å vera katolikk, kunna skrifta og så bli ferdig med det som ein skulle gjort annleis. Slik er det faktisk i heile kyrkja, ikkje bare den katolske, bare så det er sagt. Og slik er det å vera menneske, me snublar feilar, er handlingslamma og feige, men er likevel høgt elska menneske som det er bruk for. Det gode finst på same måten som det onde finst. Det finst i oss og rundt oss, og me skal gripa etter det og kjempa for det.

Dette vart då eit overraskande filosofisk bloggeinnlegg, i alle fall i mine eigne auge. Nå er det tida for noko meir kvardagsleg, støvsugaren, og etterkvart ein tur ut i sola.
Heidi

 

 

 

 

2 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Takk for deg – og takk for mai!!!

  2. heidi permalink

    Takk for meg, ja, 😉 Koseleg å feira Maren.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: