Konfirmasjon i sommarvind
I dag har eg fått vera med på konfirmasjonen til Fryd i nydelege omgjevnadar i eit friluftshus oppe i det som er eit skiområde om vinteren. For å koma dit må me kjøra forbi den vesle kyrkja me gifta oss i ein gong for lenge sidan, og bare det i seg sjølv er litt nostalgisk for det er så sjeldan eg kjører der.
Kjenninga av sommarvind frå midnattstider i går viste seg å vera vedvarande, i dag har det vore eit heilt nydeleg forsommarver og nå er viss alt som finst av tre og buskar sprunge ut. Alle dei intense nyansane av grønt gjer det så vakkert ute at ein reint kan få tårer i auga, det vere seg på grunn av allergi eller sentimentalitet.
Eg hadde tilbydd meg å hjelpa til litt i konfirmasjonen i dag. Mor til Fryd er ei venninne av meg som er ganske foretaksom når ho set i gang. Ho hadde laga ein heil buffet sjølv, med ulike former for kylling, kjøttbollar, laks, eggerøre, karbonadar, gryterettar og salatar i tillegg til å baka ulike former for brød. Det tok si tid når ulike rettar skulle lagast og varmast opp og me ikkje fann heilt ut av komfyr og steikeomn. Men dagen var av det mest innbydande slaget til å sitja ute og venta i sola, og Fryd spela ein liten utandørskonsert på celloen sin medan folk venta på maten.
Langt utpå kvelden rydda me saman det vesle flyttelasset av blomar, lysestaker, krystallskåler, puter, kaker og mat og reiste heim att. Det var nesten midnatt då me kom fram, og nå er eg litt sliten i bein og armar etter ei lang og intens arbeidsøkt på kjøkkenet, men det var veldig triveleg, og eg var glad for å gjera litt for å laga ein fin konfirmasjonsdag for ei flott jente.
Og gamle songar får liksom ein slags sentimental renessanse på denne årstida. «Det er vel fagre stundar når våren kjem her nord, og atter som eit under nytt liv av daude gror,» Og ikkje minst «Gud signe vårt dyre fedreland og lat det som hagen bløma, lat lysa din fred frå fjell til strand og vetter for vårsol røma…» Den songen luktar av bjørk og musikkorps. Sjølv dei mest rasjonelle av oss her i nord får vel ein liten smak av noko overjordisk i mai når naturen eksploderer seg inn i sommaren.
Heidi