Sommar i Berlin
Denne sommaren har vore og skal framleis vera mange reiser og mellomlandingar i heimen innimellom. I går fekk me gjort stova sånn nokonlunde ferdig, og fekk invitert Hanne Lise og Gunnar til koseleg kveldsmat for å feira at stova er bebueleg att.
I dag vende me nasane mot Berlin, der kjærasten min har fått låna ei forfattarleigheit av forlaget sitt. Leiligeheita ligg i Kreuzberg, ein bydel frå gamle Vestberlin der det bur veldig mange tyrkarar. Me bur i eit idyllisk strøk med utsikt til ein kanal frå verandaen vår i femte etasje i eit gammalt hus. Me må inn hovuddøra, gjennom ein bakgard og opp ein oppgang på andre sida. Det er nøyaktig nitti trappetrinn opp og ingen heis, så dette kjem me til å bli sprekare av. Golva er skeive og knirkar når me trør på dei. Dei første ti minutta var eg nesten svimmel og engsteleg for at golvet skulle svikta og eg skulle detta fem etasjar ned, men nå har eg vend meg til det. Verandaen der det akkurat er plass til to stolar og eit lite bord er ein fantastisk plass å sitja og nyta utsikten.
Det var litt overskya med låge kvite cumulusskyer rett over bakken då me landa i Berlin i føremidda, men etterpå har me hatt strålande sol. Det er nydeleg å kjenna sommarvarme på ein norsk kropp, som ikkje har kjend alt for mykje solvarme i sommar.
Sidan me er i lånt forfattarleiligheit så har me tenkt å skriva litt, men i dag har me brukt første dagen til byvandringar. Me har gått så eg er aldeles sårbeint allereie første dagen, så eg angrar litt på at eg bare har med eitt par sko. Rundt kanalen herskar den reine idyllen. Folk sit på muren langs kanalen aleine, i par eller grupper og les bøker, pratar eller røyker. Me har vore på tyrkisk marknad på andre sida av kanalen. Der lukta det likt som det gjorde i Istanbul, og mange av dei same tinga var å få kjøpt. Me hadde lunsj på ein koseleg liten restaurant i ein slags hage. Eg åt karrisuppe kokt på kokosmjølk og eggerøre med røykelaks og sennepssaus, det smakte nydeleg.
I kveld har me vore på bydelsvandring etter ei bok me fann her i leiligheita. Me har vandra i gatene, ete middag på ein fortausrestaurant, menyen min i kveld var tapastallerken medan han som er reisefølget mitt hadde spaghetti med pasta og kylling. Me vandra gjennom ein gammal kyrkjegard der slaktarar, parykkmakarar og murarmeistrar hadde gravmonument så store som hus. Langs kanalen var kveldslivet yrande. Folk tek med seg øl eller vin, kortstokken, gitaren eller middagen sin og set eller legg seg ned i gravet og nyt livet. Kanalvatnet er så skittent at det har same fargen som kakao, men det ser ikkje ut til å plaga nokon. På vatnet er det sightseeingbåtar, gummibåtar og sjørøveskuter. I tillegg til mange tyrkiske damer med og utan hijab, så ser det ut til å vera veldig mange studentar her. Omtrent halvparten av dei me ser i parkar og gater ser ut til å vera på alder med dei eldste barna mine.
På ei bru over kanalen hadde det sosiale kveldslivet verkeleg teke av. Folk sat tett i tett på brua og åt og drakk, det vart spelt gitar og sunge songar, og ein ung mann hadde teke med seg saksofonen sin og reiste seg opp og spelte innsmigrande og svingande for dei som ville høyra på. Me spurte ein av dei som sat der om det var noko spesielt som skjedde der i kveld sidan det var så mange folk samla, han svarte at det var bare noko folk hadde begynt med det å sitja saman på brua om kveldane og nå var det slik kvar kveld. Eg trudde først at brua var stengd for bilar, men så kom det eit par bilar kjørande, det var akkurat plass til dei på utsida av der folk sat med vinflasker, gitarar og barnevogner.
Det merkest at sommaren er gått over til seinsommar og at me er lenger sør enn me er heime, for klokka ti var det blitt ganske mørkt. I løpet av den siste halve timen me gjekk vart det først fløyelsmørkt og så ganske bekmørkt. Me var innom Lidl og kjøpte med oss ost, oliven, spekeskinke, cashewnøtter, druer og egg. Nå har me sitte ute på verandaen med stearinlys og høyrt på nattelydane frå kanalområdet. Nå får tida visa kva me finn på i morgon…
Heidi