Gå til innhald

Splinten av trollspegelen

juli 31, 2011

Hugsar de prologen til eventyret «Snedronningen» av HC Andersen. Djevelen løfta ein dag ein spegel over jorda. Den var slik at alt som frå før var stygt vart endå styggare i spegelen. Alt som var fint og godt vart stygt i spegelen. Dei vakraste landskap såg ut som kokt spinat, og det ein trudde var vakkert var det ikkje lenger. Djevelen lot nokre av småenglane sine fly heilt opp til himmelen med spegelen. Der knuste han, og små og store splintar fall som snø over jorda. Den som fekk eit einaste fnugg av ein slik splint i auget sitt, same kor liten han var, ville frå då av aldri meir bli heilt fornøgd. Same kva ein såg på, så ville det vera ein feil med det, og same kva ein opplevde så vart det aldri heilt som ein hadde tenkt seg.

Dette eventyret tenkjer eg på av og til. Det er ei djup sanning i at mennesket liksom aldri blir heilt fornøgd. Er ting riktig bra ein dag, så tek ein seg i å tenkja at nå skjer det snaart noko forferdeleg

Eg vil påstå at livet mitt ikkje er det livet med mest trollsplintar i, men eg kom til å tenkja på denne gamle historia her ein dag. Det har seg slik at eit av prosjekta i sommar er å mala og pussa opp stova vår. Der har me levd lukkeleg i fargar, rot og kaos i minst ti år sidan me sist pussa opp, men nå innsåg sjølv eg at det var på tide å gjera noko med det. Eg veit at mange menneske har oppussing og interiør som sin store hobby. Dei har mi beundring. Slik har det aldri hos oss, bare så det er sagt. Visst liker eg å henga opp eit nytt bilete, tenna eit lys, plukka blomar og dekka eit fint bord, men å halda orden på hundre kvadratmeter om gongen, nei eg kan like godt innrømma det, det er ikkje min styrke.

Nå har veggene skifta farge frå nøklebandgult til tebladgrønt, som er ein roleg varm drønbeige farge. Så langt, så bra. Her kjem djevelen med trollspegelen inn. Når ein begynner på ei oppussing, vil det liksom ingen ende ta, alt som var fint og vakkert for ein månad sidan er plutseleg ikkje heilt i orden lenger. Spisestuebordet ser ikkje lenger ut som nytt. Stolane ser gamle ut. Listene er ikkje fint malte. Var det dumt å kjøpa trekk til den gamle sofaen, kanskje me heller burde kjøpt oss ny når me først er i gang?  Me trålar butikkar gong på gong for å sjå om det verkeleg er det salongbordet me har tenkt å kjøp som passar best inn i stova, blir det for lite, for stort, for kvitt, for moderne, for billig for spesielt for stova vår. Det er så mange bestemmelsar som skal takast og så mykje ein må tenkja gjennom, og slik går dagane som eg mykje heller ville brukt til lesing skriving og andre nyttige ting. Men visst har me vore ganske flinke. Eg har rydda bokhyller, alfabetisert gamle bøker, motstått freistinga til å lesa dei i staden for å rydda, kasta gamle papir og funne ting eg har leita etter lenge. Men nå vil eg snart koma i mål. Det skal bli fint å koma inn i ei stove som ikkje er eit oppussingsområde, og det skal bli fint å invitera folk inn dit. Det har me faktisk gjort. Me har invitert gjester til i morgon kveld, og lova oss sjølv at då skal me vera ferdige, og på tysdag reiser me på ein femdagars tur til Berlin eg og kjærasten min. Me skal leva med at parketten i stova som absolutt burde vore slipt, ikkje blir det i denne omgangen. Og eg trøystar meg med farmor sine ord, det er ikkje møblane ein har i huset som skapar ein heim, det er folka som bur der.

Og visst er dette bagatellar. Utidige bagatellar sett i forhold til det som skjedde i Norge for ei veke sidan og bagatellar i forhold til mykje anna som foregår i livet vårt.  Eg måtte bare skriva ned dette likevel, for å dokumentera følelsen av alt ein burde få til… Og litt kjekt er det jo på eit vis. Men ikkje blir oppussing min store nye hobby, og splintane frå trollspegelen, ja dei er det etter mi meining grunn til å passa seg for…

Nå sit eg her på arbeidsromet med bøker, papir og rot på alle kantar. I dag må eg gjera ferdig ein skrivejobb eg har teke på meg som har tidsfrist i morgon, og eg må få rydda i papir og klede. Etterkvart skal eg steika makrellane Oddvar fiska i går med masse mjøl og salt og pepar. Det skal bli godt. Eg starta dagen med å gå tur med Ingrid og ein nyoperert Oscar. Han vart kastrert for tre dagar sidan, og sjuke og nyopererte dyr er ei hjarteskjerande greie. I dag var han i fin form att og hoppa og spratt omkring. Eg har steikt dei siste fire vaffelplatene som var att av røra og gitt dei til Odd Christian til frokost, og eg har fått melding frå Sunniva som nettopp er landa på Rhodos der ho og sju venninner skal vera på jentetur i to veker.

Det har vore ei sterk og spesiell veke, prega av katastrofen sist helg. Me har gått i fakkeltog og grått over forteljingane som ungdomar fortel om det som skjedde på Utøya. På radio og TV har det vore minnemarkeringar, minnetalar og sørgjemusikk. Det har gjort oss alle godt at folk står saman i det vonde som skjer. Folk søkjer seg inn mot det som betyr noko i livet. Det er sterkt å oppleva at det er samhald og styrke som pregar heile folket og ikkje ropet om hevn. Me må ta vare på det gode og passa oss for splintane frå trollspegelen.

Noko har skjedd med teljeverket på bloggen min. Før kunne eg registrera at det var inne rundt rekna femti personar og las kvar dag. Det var faktisk litt inspirerande å vita at nokon las det eg skreiv. Nå har teljeverket stått på null besøkjande kvar dag. Men eg reknar med at nokon framleis les…

Så, ja… Bodskapen min i dag er, fest blikket på det gode og pass deg for splintane frå trollspegelen. Det er farleg lett å bli truffen av dei.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: