Gå til innhald

Dette kunne eg bli van med

august 4, 2011

Eg begynner verkeleg å lika denne leiligheita. Førsteinntrykket var at det var litt småshabby her med uendeleg mange trappetrinn opp, og med så skeive golv at ein vart svimmel, og i tillegg store sprekker i det sjakkruta golvbelegget på kjøkkenet. Nå har eg begynt å lika det. Eg har ikkje lenger ei kjensle av å måtta passa meg for kor eg trør… Men golvet knirkar forferdeleg nokre plassar. Kanskje det  derfor fleire av brukarane her skriv i gjesteboka at naboen rett under har banka i taket sitt og skjelt dei ut for bråk når dei treffest i trappa? Det blir litt komisk i mine øyre så lenge dei startar ein kompressor utanfor på gata klokka åtte om morgonen og syng og spelar gitar på gata til halv to. Sjølv har eg høg toleranseterskel for bråk og lever heilt greitt med begge deler. Akkurat nå har kompressoren teke pause, og i staden susar det ein ambulanse med sirene forbi.

Men tilbake til naboen under. Minst to gonger har ho hengd handskrivne lappar på døra til dei som bur her med blant anna denne påskrifta: Please don`t walk like elephants on the floor… Ho eine som hadde fått lappen, skriv fortvila at ho veg under femti kilo, stort sett ikkje har vore inne i det heile tatt, og forøvrig aldri har høyrt før at ho går tungt. Det er ikkje for ingenting at eg nå tenkjer gjennom ulike sjarmoffensiver eg kan bruka om naboen ringer på døra… Kanskje ho liker presskannekaffi? Eigentleg veit eg ikkje at det er ei ho eingong, eg har bare gått ut i frå det. Interessant i og for seg at eg reknar med at ekstremt vanskelege naboar er damer. Eg har nemleg bare møtt eit eksemplar av rasen i heile mitt liv, og det er ein heilt annan historie som ikkje høyrer heime her.

Reiseleiaren min, ja han er ein pasjonert reiseleiar og eg er ein pasjonert diltar, er av det spennande slaget. Når eg reiser saman med han dumpar me alltid oppi ting eg garantert ikkje ville funne fram til i lag med andre reisefylgje. Nå er eg vel ikkje fullt så blotta for eigne meiningar som det kunne virka som i desse setningane, men reint tekstmessig så let me det vera slik for å forenkla biletet. Eg merkar på måten eg stadig fell inn i metaspråk at det må vera eit eller anna i veggene her, så lenge ein er i ein forfattarleiligheit så må ein leika litt forfattar.

Sidan me har kjøpt oss femdagarsbillettar me kan bruka på buss, t-bane, tog og trikk, så fann me ut at me måtte kjøra litt buss. Me tok bussen ned til den bydelen som vert kalla «Mitte», altså det ein ofte betraktar som sentrum i Berlin. Her fann me oss ein sushirestaurant, men sidan me til nå ikkje har vågd å eta sushi, så åt me henhaldsvis kokosnøttsuppe med scampi og risnudlar med scampi og marinert kylling i staden. Reiseleiaren min fant fort ut at vår bydel, Kreuzberg, var mykje meir sjarmerande enn sentrum, og eg var ikkje ueining, så me gjekk til næraste U-bahnhof og reiste tilbake igjen.

Der fann me sikkert eit av verdens relativt få homofilimuseum, og der brukte me deler av føremiddagen. Me fann ut at her i Kreuzberg er det så og seia umogleg å visa att i gatebiletet. Her er det alt frå små menn med langt kvitt hår og skjegg med gammaldags rypesekk på ryggen, til menn med cowboyboots, raude lakktights og knallgule cowboyhattar. Det er masse hundar her og endå fleire syklar. Dei fleste hundane får lov til å gå fritt på sida av eigaren, og sånne svarte små hundeposar ser ikkje ut til å ha slått heilt an her…

Om kvelden hadde me bestemt oss for å gå til eit gammalt sjukehus som var omgjort til kunstsenter, for der skulle dei ha utandørs kino klokka ni, og utandørs kino hadde me aldri vore på. Til slutt fann me fram til sjukehuset Bethanien der kreativiteten hadde fått stort spelerom. Gangane var malte i grafittistil i knallsterke fargar og frå taket hang det installasjonar i form av sko som var hengde opp med fiskesen.

Kinoen var i den gamle hagen, og for å koma dit gjekk me gjennom eit kolonihageliknande område med urter, grønsaker og stokkroser. Området minna meg litt om fristaden Christiania, der me sjølvsagt har vore på vandring ved eit anna høve. Inne på kinoområdet så henta folk seg ein gammaldags fluktstol og desse vart sette opp i velordna rekkjer på graset. Det må ha vore mange hundre menneske der. Dei som kunne dette hadde med seg varme klede. tepper, matpakkar og kald og varm drikke. For oss som ikkje kunne det, så var det ein kjosk på området der ein kunne kjøpa seg øl, brus, popcorn og pølser under heile forestillinga. Filmen var heilt nydeleg. Eg trur han var tyrkisk. Tittelen på originalspråket var Bal, eg lurer på om det betyr honning på norsk, og var ei av dei vakraste barndomsskildringane eg har sett. Gå og sjå han om de får sjansen. Heldigvis var han ikkje dubba til tysk, og det var heilt greitt å lesa dei tyske undertekstane.

Filmen vart vist på eit kjempestort lerret som blafra litt i brisen, og dei store trea me sat under slepte blad og frø i hovuda våre. Svaler og flaggermur flaug lågt over plenen, og folk åt, drakk, røykte og koste seg. Ho bak meg hadde til og med ein liten prat i mobiltelefon undervegs. Av og til vart kinosalen opplyste av billykter, og innimellom kom det eit fly som hadde begynt innflyginga til Berlin airport. Etterkvart tendest stjernene i taket.

Eg hadde vore redd me skulle koma til å frysa forferdeleg, sidan me ikkje hadde forstått at det var lurt å ta med teppe og varme jakkar, men det gjekk fint, det vart aldri skikkeleg kaldt, bare litt småkjøleg. Utekino var ei veldig fin oppleving, men truleg ikkje noko som ville fungera heime sidan det ville vera vanskeleg å finna ein kveld som var både varm nok, vindstille nok og mørk nok. Men altså, dagens reisetips: Utekino med tyrkisk film på gamle Bethanien. Snart er det tid for nye eventyr, men først skriva litt.

Heidi

2 kommentarar
  1. Marta Onstein's avatar
    Marta Onstein permalink

    Fin lesnad, Heidi!
    I Haugesund har dei hatt utekino i Filmfestivalen. Angrar framleis at eg ein fin augustkveld ikkje reiste til byen og såg Cinema Paradiso!

  2. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Det var sikkert ein fin film å visa på utekino.

Kommenter innlegget