Desembermorgon
I dag ville det seg slik at eg fekk ein spasertur saman med ein liten gut i grålysninga. Ein stor kråkeflokk med omtrent same formasjon som ein myggsverm kom flygande. Ikkje lenge etter møtte me ein ny flokk, denne gongen med ein mindre fugleart, som eg ikkje kom nære nok til å idenifisera. Regnet hadde spakna og bare draup mildt og forsiktig i lyskjeglene frå gatelyktene. Då me passerte naboskulen, såg han ut omtrent som ein aventkalender der det var vinduslys frå dei opna lukene. I eit rom såg me ungane kjevla kakemenn eller peparkaker medan læraren gjekk rundt og såg til at alt gjekk greitt for seg. Me kunne til og med kjenna lukta av nybakt ut på gata. I ei anna luke hadde dei tend dei tre adventlysa og sat roleg på stolane sine og lytta til ei forteljing. Mange av vindauga var pynta med papirdekorasjonar av ulikt slag. Eg fekk den gode følelsen som eg håpar var reell at der inne er ungane våre, nyleg vakna med nattedraumar i blikka. Dei sat der inne og tok seg god tid til å nærma seg ein ny skuledag medan det langsamt vart lyst ute. Eg vart varm og glad inni meg og tenkte at vestlandsvinter er då ikkje det verste ein har trass alt…
Heidi