Det som betyr noko
Føret i dag veksla mellom gater glaserte med ein millimeter is og heftige mengder regn. Eg tok toget til næraste byen og kikka litt på julemarknaden i gatene før eg møtte venninnene mine på ein kafé. Me avanserte frå det dårlegaste bordet i lokalet, via eit bord i passasjen før me kapra skinnsofaane framfor peisen. Me var der i meir enn tre timar og åt salat og ost og drakk litt ulike ting, dei mest lausslupne mellom oss avslutta med sjokoladekake. Så lot me alt me skulle ha gjort vera alt me skulle ha gjort og bare nytte kjensla av å sitja der og prata ein heil laurdagsettermiddag. Då eg gjekk heim frå toget var det så glatt at eg heldt fast i steingjerda utanfor hagane til folk.
Me har lufta Oscar, sett konsert frå slottet på TV og i tillegg ein nokså tåpeleg romantisk komedie som passa godt til behovet om å ikkje gjera noko fornuftig. Eg set pris på at kjærasten min hentar tenåringar som dermed slepp å ta både tog og buss for å koma seg heim. Så har eg laga ein stor boks med risbollar, og då eg skulle ta den store boksen ned frå hylla i kjellaren viste han seg å vera full av gløymde krumkaker frå i fjor. Dei var ikkje mygla og bortimot etande, men dei havna i komposten likevel… Kanskje baka litt færre krumkaker i år?
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Gode venner., jul, Mat, Teater og film.