Veronica, Veronica, slepp ned ditt långa hår.
Har eg tid til dette då, tenkjer eg litt fortumla. Litt overraskande så opna språket seg på vidt gap, og orda kom til meg i lange og usamanhangande rekkjer. I går kveld skulle eg bare disiplinera meg sjølv tilå skriva i ein halvvtime, og så vart eg sitjande i tre timar og kunne nesten ikkje stoppa. I dag var eg bare innom sånn snarast etter frokost, og så vart eg hangande fast her igjen. Eg har jo så mykje eg hadde tenkt å bruka denne dagen til. Kanskje det er det nokon så fint kallar inspirasjon? Eg pleier jo å seia at eg skriv mest på disiplin og ikkje er spesielt oppteken av inspirasjon. Men eg trur eg får ta meg ein halvtime til med å leika med ord, og så får eg hausta juletre og samla inn julestjerner og julelys etterpå før eg førebur Garborgopplegget eg skal ha rundt på skulane og les meg opp på Flintoe. Eg høyrer musikk medan eg skriv. «Men tycker du Veronica, at morgonen er grå og ångrar at du någonsinn let honom gå,» syng Cornelis Vreeswijk. «Veronica, Veronica, slepp ned ditt långa hår.»
Skriva ein halvtime til, ja. Katten ligg er på skrivebøkene mine og mel så godt han kan saman med Cornelis.
«Somliga går i trasiga skor.»
I glimt dukker magien opp. Den litt vemodige, opne og barnsleg funklande magien.
«Somliga går i trasiga skor til dom har slutat gå.»
Heidi
Herleg å lesa alt du skriv…. Koss gjekk det med Duckføtene? Ihelga har eg vore i Stjørdal og lært om oppsetting av barneopera!! Du hadde likt deg der!
Det høyrdest kjekt ut. Skal me laga ein barneopera. Eg bestilde duckføter, men dei var utselde. Skal til Oslo neste veke, eg skal sjå om eg finn der.