Definisjon: Irrasjonell
Det heitte Sunniva sitt stykke om kjærleik, og fem ungdomar sitt forhold til kjærleiken og til kvarandre. Det vart uroppførd i går i høghuset og eg både lo og gråt ein skvett fordi det var rart å sitja der og på ein måte vera mormor til eit teaterstykke. Fem ungdomar frå Sunniva si teatergruppe framførde det, to av dei er eit par av bestevenninnene hennar. Sjølv sat ho spent og varm i kinna på første rad for å sjå på. Etterpå fekk ho masse blomar og godord og strålte som ei sol, og eg unde henne det veldig. Det vart ei sterk oppleving. I kveld skal ho sjølv på scenen og spela i eit ganske alvorleg stykke om sjølvskading. Sjølvsagt skal eg vera på plass då og. Det er litt kjekt at døtrene min deler mi interesse for teater. Hadde dei vore fødde med store handballtalent, hadde eg sikkert ikkje klart å ta vare på talenta og oppmuntra dei på den måten eg helst burde.
Etter forestillinga reiste me, eg og syster, Ingrid og Oddvar 17 etasjar rett opp med heisen for å gå på konsert i restauranten. Det var Ska-boom som spelte. Det er ei gruppe der to av Sunniva sine nære venner er med. Det vart og ei stor oppleving. Det var musikk til å bli i godt humør av med ein leiken trompet på toppen av den andre musikken. Dei lagar musikken og skriv tekstane sjølv i tillegg til å vera veldig dyktige musikarar. Det var skikkeleg imponerande. Mannen på trompet spelte forresten ein av dei fem ungdomane i Sunniva sitt stykke ein time tidlegare. Det var rett og slett sol ute etter det utruleg hustrige veret 17.mai, og med panoramautsikt over Jæren var det heilt fantastisk å sitja der og sjå landskapet vårt bada i sol. til slutt vart me sitjande og sjå sola gå ned i havet der ute, medan Alveland teikna seg tydeleg i horisonten med sjøar, gullslott og snødekte fjell. Når veret endeleg blir bortimot fint og me har venta så lenge på å sjå sola, blir inntrykka veldig sterke.
Då Sunniva kom heim litt utpå natta, strålande glad med armane fulle av blomar, hadde eg laga klar det tradisjonelle presangbordet til henne. Ved midnatt glei me nemleg over i nittenårsdagen hennar. Ho valde å la presangane ligga der til neste morgon slik tradisjonen tilseier, og eg hjalp henne å snitta alle rosene og setja dei i vasar. Me har hatt gebursdagslunsj med tacos og med jordbær og sjokoladepudding, og alt eg skulle ha gjort denne helga får venta til i morgon. Nå blir det først to forestillingar, og etterpå blir det kanskje to konsertar.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, blomar, Gode venner., Mat, Musikk, Teater og film., våren, veret