Ut og kjøpa margarin
For nå går det unna i rekkja av usedvanlege dagar som ofte kjem i rad og rekkje. I dag er det først ferdigstilling av ei kake til i kveld, så diverse bryllaupsmekking og eit møte i byen før det er klar til, ja rett og slett bryllaup i kveld. Bror min skal gifta seg. Eg er kjempeglad på deira vegne, og fint ver får dei. Eg gleder meg skikkeleg til i kveld.
Og i går brukte me og store deler av dagen ute med ungane med utematematikk og leik. I sånt ver som dette er uteområdet vårt det vakraste ein kan tenkja seg med store blømande japanske kirsebærtre som dei får lov til å klatra i. Eg dyttar den store ufo-dissa som er full av glade førsteklassingar i sommarkjolar og kortbukser medan me syng av full hals:
Lille måltrost,
lille måltrost har du tre eller to?
Lille måltrost,
lille måltrost har du tre eller to?
Jeg har tre som er flinke og en som er god,
langt inni skogen den grønne.
Og når eg kjem til siste verset: «Lille måltrost, lille måltrost vil du hilse fra meg?», må eg svelgja ein skikkeleg klump i halsen under siste linja: «Ja, i kveld skal vi synge ei vise om deg, langt inni skogen den grønne…» Eg er viss i ferd med å bli småtullete emosjonelt, for nå kan eg verken synga «Lille måltrost», «Bolla Pinnsvin» eller «Norge i rødt hvitt og blått» utan å konsentrera meg om ein effektiv måte å svelgja tårer på medan eg syng. Denne våreksplosjonen i grønt og kvitt og rosa og alle dei sommarkledde førsteklassingane med frekner og skrubbsår på knea blir rett og slett for sterkt for meg…
På ettermiddagen samla eg alle skrivejentene mine på trestubbar, under bøketre og oppi kirsebærtre for å la kjærasten min fotografera dei til eit forsidebilete av boka me lagar. Boka blir fin, det er masse arbeid, men det er så fint å sjå tekstane deira på førehandstrykket på PC-en. Me trykker nokre ekstra eksemplar for salg, bkoka heiter «Søt som bringebær» og kkjem til å kosta ca åtti kroner. Eg kjøper is til dei for å feira at sommaren er komen, og så les me innhaldskorrektur på manuset vårt som nå er på ca 115 sider. Og eg har lyst til å gråta litt fordi nokre av dei skal slutta, for dei er så fine jenter alle saman, og eg er så heldig som får sitja to timar og skriva kvar torsdag i lag med ein gjeng tenåringsjenter.
Og nå må eg ut på sykkelen for å kjøpa smør, eller rettare sagt margarin, for dagen har ikkje rom for slike sentimentale avstikkarar som dette… Nå skal eg leika konditor, eg har alltid likt å pynta kaker. Og dersom det er mange skrivefeil her, så får eg retta dei opp seinare. Ja, eg har skrive utan briller, og ja, det var i høgaste grad ikkje planlagd å skriva nå. Eg bare gjekk forbi tastaturet mitt, og så klarte eg ikkje å la vera…
Til rors, Columbus!
Heidi
Hei hurra hurra hurra! Gratulerer sjølv med bryllaupsdagen! 27 år!!
Tusen takk, Emma. Så vidt eg hugsar var det ein jubilant i heimen dykkar og. 😉