God vakt skal være
I dag har sola skine, og det har vore ein deilig smak av sommar. Rett nok har det vore ei og anna regnbyge innimellom, men det lever me greitt med så lenge temperaturen er god. Dagen vart innleia i vinterhagen med cottagecheese med appelsinbitar og svart kaffi. Så skunda eg meg ned til T-banen for å møta Eva Mari og dra på bytur.
Ein skikkeleg bytur med Eva Mari er eit must for ein kvar sommar. Ho er mi favorittdame å springa rundt i byar med. I dag var den første me møtte ein eldre mann på sykkel, som galant løfta på hatten då han passerte oss. Slikt er til å bli i godt humør av.
Eva Mari har skikkeleg kondis når det gjeld byvandringar, så byturane blir som regel alltid lange. Det er alltid innlagd eit kafébesøk med gode smakar og ho har ein eigen teft når det gjeld å finna fram til spennande stadar og interessante butikkar. I dag har me vore på ein garnbutikk som fekk kreativiteten til å kribla i fingertuppane, men eg klarte å sy meg så pass at eg bare gjekk ut med ein bunt mjukt kvitt ullgarn og ei heklenål i størrelse 3.
Så tråla me ein flott Fretexbutikk på Majorstua etter funn som ein kunne bruka som dei var eller sy om til noko nytt og spennande, og neste stopp var ein smykke- og perlebutikk, der Eva Mari hadde laga seg eit elefantarmband før eg hadde fått sukk for meg, sjølv raska eg med meg glasperler og andre perler for å laga ein heilt personleg Kristuskrans. Etterpå såg eg at dei hadde litt dyrare perler av stein og krystallar i eit låst skap, eg skulle vel kanskje heller vald dei, då hadde armbandet blitt finare… Men eg får prøva meg med desse først så får eg eventuelt ta ein ny tur dit seinare i sommar.
Me måtte passa på å få oss eit skikkeleg kafébesøk før Eva Mari måtte dra på seinvakt, så me snuste oss fram til ein salatbar ho hadde fått anbefalt. Eg trur han heitte Bolivar. Der sat me ute på eit fortausbord saman med andre fullkondisjonerte gjestar, og sidan Eva Mari hadde rukke å kjøpa seg nye solbriller, fekk ho sitja med ansiktet mot sola. Me bestilte ein salat med bakt chevre og kandiserte valnøter, og ein kyllingsalat. Begge deler smakte usedvanleg godt. Det var ganske høge prisar, men utruleg god mat. Etter å ha vore innom ein plass der ein kunne kjøpa fire BH-ar for hundre kroner og to røde leppestifter for vanleg pris, vandra me mot T-banen igjen. Leppestiftene viste seg å vera veldig røde, så kanskje dei blir Sunniva sine. Eg trur ho kler knallrød leppestift betre enn mor si.
Eva Mari reiste til jobb, og eg bestemte meg for å spasera ned til sentrum. I det eg passerte slottsplassen var det akkurat vaktskifte i garden. Eg meinar å hugsa at eg såg på akkurat det då eg var i Oslo som niåring, og at eg ikkje syntest det var spesielt spennande då. I dag såg eg på dette vesle korreograferte teatersykket med ein viss interesse. Eg prøvde å tolka dei innlagde handlingane, for eksempel av kvar og ein av dei etter tur lot geværpipa peika mot bakken for så å reisa ho opp att. Kommandantane for avtroppande og påtroppande gardistar hadde ein del kommandoar dei ropte synkront og ein del som var bare til deira soldatar. Til slutt snudde dei to kommandantane seg mot einannan og utførde ei lita handlingsrekke med sverd og gevær. Til slutt ropte den eine mot den andre «God vakt!» og den andre svarte «God vakt skal være!» Så då har eg plukka opp eit nytt uttrykk henta rett frå det kongelege norske forsvaret, som bryt med all grammatikk og vanleg daglegtale, men er sånn passe opphøygd og pompøst. Gardistar i full aktivitet virka omtrent på meg som mannskor og skulekorps. Eg blir rørt og får lyst til å le på same tida.
Nederst på Karl Johan møtte eg mann og eldsteson, og så vart det ny byvandring over Grünerløkka til bilen som stod parkert der, så i dag vart det mange steg på meg. Utanfor ein butikk måtte me stansa bilen for å høyra på dagens kjendis i familien. Sunniva sin drosjetur på NRK si rekning, som altså vart drosje for buss for tog og gjekk heilt frå Lysaker til Stavanger. Turen fekk langt meir publisitet enn nokon kunne drøyma om. I går vart ho intervjua av ein journalist, og innan nokre timar var ho og taxituren toppsak på nettavisene til både Stavanger Aftenblad og Aftenposten. I dag smilte ho frå papirutgåvene til begge desse avisene og det som toppa det heile var at ein radiojournalist frå Østlandssendinga ville intervjua henne på direktesend radio om drosjeturen til Bryne. Dette måtte me sjølvsagt få med oss, og me var einige om at ho kom riktig bra i frå radiointervjuet.
Menyen hos svigerforeldra fekk bli ganske enkel i dag. Odd Christian og eg handla inn ostepølser med bacon, kvitlaukspølser og chilipølser. På toppen av handlekorga la me ein pakke heilt vanlege grillpølser i tilfelle dei andre skulle bli i sterkaste laget for nokon. Saman med ein god salat, rå lauk og sterk sennep vart det eit ganske velsmakande måltid. Eg og kjærasten min avrunda dagen med å drikka kveldste heim hos Einar og Astrid.
God vakt har vore.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Gode venner., Kjærasten min, Mat, Natur, sommar, Uncategorized, veret