Gå til innhald

Vemodet i ein junidag.

juni 25, 2012

Plutseleg er eg meir enn noko fyld av vemodet i sommardagen. Kanskje fordi eg endeleg har tid til å tenkja, og då tek eg til å undra meg over livet. Livet siler som varm finkorna sand mellom fingrane mine i eit sommarlandskap som er vemodig vakkert. Sjasminen fyllar lufta mellom regnbygene med intense lukter av sommar, og klokkene på dei gule liljene blir mørke og visne mest før dei rekk å springa ut. Eg sit her i vinterhagen til Joffe og Elisabeth og skriv, ein slik perfekt skrivehage skulle eg gjerne hatt heime og.

Eg har bladd meg bakover i mitt eige bloggarkiv og gjenopplevd juni månad dei siste åtte åra. Eg spør meg sjølv korleis desse åtte åra kan ha kome og gått mest utan at eg har merka det. I teorien veit eg jo at åra har vore innhaldsmetta og fine, men kor i all verda har dei blitt av. Bortsett frå at dei ligg på andedrakt då, for det gjer dei jo faktisk… Og snart er det viss bare meg att på andedrakt, tenk om det blir lagt ned ein vakker dag og tekstane mine bare forsvinn. Eg må bli flinkare til å spara.

Vemodet vart ekstra forsterka under middagen hos svigerforeldra mine. Eg har vore i familien i nesten tretti år og har sett dei bli gamle. Svigermor har vore på sjukehus og er ikkje så sprek akkurat nå. Eg og Ingrid laga middag, fiskebollar i kvit saus med pepar og karri, servert med gulrøter og nypoteter. Ingrid laga sausen som vart kvit og glatt og heilt perfekt på smaken. Me snakka om sommaren og livet og om Morten som ikkje er her lenger. Eg kjenner at eg framleis har mange tårer i meg som eg ville ha gråte for Morten, og besteforeldra hans har nok endå fleire.

I føremiddag drakk me kaffi og åt is og vaniljekesam med blåbær, bringebær og jordbær heime hos Henrik og Eva Mari. Me var ein heil flokk rundt bordet. Etterpå sat me under markisa på verandaen der me strikka og prøvde sko medan regnet sildra vennleg ned i hagen. Oscar og Ingrid delte baksetet i Mazdaen då me kjørte der i frå, og eg såg for meg Oscar to år gammal med raudstripete snekkarshorts og Ingrid tre år gammal med blomstrete sommakjole med stor kvit krage. Begge to var snøkvite i det mjuke fjonete sommarhåret. Nå er dei 23 år, og deler ikkje lenger store deler av sommaren, men eg såg at dei gav kvarandre ein god klem då dei gjekk kvar til sitt.

Eg trur ikkje at eg er spesielt sentimental av meg, men kanskje er det akkurat det eg er? Eg skal halda dagane og timane fast så godt eg bare maktar, for det er dei som er sjølve livet.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: