Gå til innhald

Å halda eit fly oppe med tankekraft

juli 3, 2012

På fly har eg det omtrent som eg innbillar meg at ville dyr opplever verda. Eg er i full beredskap, med alle sansar skjerpa, slik at alle lydar, alle lukter, alle synsinntrykk blir forsterka og overtydelege. «Kva var den lyden…?» «Luktar det litt svidd her…?» Kva i all verda var den lyden?… » Ser ikkje flyvertinna ut som om ho er uroleg og prøver å skjula det…?» «Kan han mannen der tenkjast å vera terrorist…?» «Kva slags lyd var det då?…» «Korfor kjem den stuerten springande gjennom flyet viss det ikkje er noko heilt ekstra…?» «Korfor slo dei på høgtalaranlegget nå, og så ombestemte dei seg og sa ingenting?…» «Kva hjelper det med sklie ut i vatnet frå naudutgangen, og fløyte på redningsvesten viss me må naudlanda midt i Atlanterhavet?» «Går det an å naudlanda eit så stort fly som dette midt ute på Atlanterhavet?»

Men visst er eg ytre sett blitt ganske flink. Eg trur til og med at eg ser ganske roleg og fatta ut. Eg et flymaten min, og takkar ja til ein kopp kaffi. Eg strekkjer beina ut i den lille opninga ved sida av bagen min under setet framfor meg og beveger føtene litt slik eg har sett ein bør gjera for ikkje å få blodpropp. Eg studerer den ortodokse jøden med den store svarte ullfrakken og med frynser på vesten. Han legg frakken i bagasjeboksen, tek av den store flotte hatten, og legg han inn i hylla saman med frakken. Etter ein time kjem han og hentar hatten, etter ein ny time legg han han tilbake i bagasjehylla. Han har lagt dei lange korketrekkjarkrøllene bak øyrene. Er det eigentleg lov å gå med krøllene bak øyrene, mon tru? Saman med han er ein liten gut på 7-8 år, han og har kalott på hovudet og fine korketrekkjarkrøllar. Er han på reis med bestefar? Eller kanskje bestefar rett og slett bare er ein gammal pappa? Kor gammal er mannen eigentleg? Kanskje han bare er på min alder? Tanken får meg til å grøssa litt, fordi eg framleis instinktivt trur at alle som har runda femti er mykje eldre enn meg.

Eg ser på film. «The iron lady» med Meryl Streep. Meryl Streep er heilt fantastisk i rollen som Margareth Thatcher. Ho går inn i karakterane sine frå innsida, og blir truverdig same kven ho speler. FIlmen er fin. Eg utviklar ein sympati med den aldrande Thatcher som i ein litt forvirra tilstand av tiltakande demens ser tilbake på livet sitt, ein sympati eg aldri følte for den ekte dama medan ho var statsminister. Samtidig som eg ser film, sit eg i denne høge graden av alarmberedskap, og tek inn alle sanseinntrykk som kan fortelja meg om det er fare på ferde.

Eg les ei bok av «Vigdis Hjort» om ei einsleg norsk dame som får seg kjærast under eit besøk på Cuba. Boka er fin, og historien fengar, men samtidig har eg denne kjensla av å sitja i heilspenn. Eg ber Gud beskytta oss og Jesus om å halda flyet oppe, eg pustar roleg og tenkjer positive tankar så godt eg kan. Den eine positive tanken er at dette treng eg faktisk aldri meir å gjera viss eg ikkje vil. Eg må jo heim att, og tida i USA skal eg verkeleg nyta, men etterpå… Då kan det bli togferiar i Norge resten av livet, eller interrail til Roma og Provence. Tanken er litt beroligande. Eg ser kvart tiande minutt på skjermen som fortel oss kor langt det er att. Me reiser med dagen og lyset. Heime er det i ferd med å bli natt, men her er det full dag. Døgnet blir langt når ein reiser på denne måten. Sunniva somnar på høgre skuldera mi og kjærasten min på den venstre. Eg bretter skuldrene inn så godt eg kan, for særleg stor plass har ein ikkje på touristclass på Virgin Air, sjølv om turen er crossatlantic. Hadde det vore englar her, skulle dei sanneleg fått bretta inn vengene.

Når flyet landar, kjennest det som om eg har sprunge maraton, utan at eg nokon gong reknar med at eg får vita korleis det kjennest å ha sprunge maraton. Ei kraftanstrenging er det i alle fall å bruka ni timar av ein dag til å halda eit fly oppe med rein tankekraft… Eg lurer på om det er slik enkelte barn har det kvar einaste dag, at dei er i heilspenn og full kriseberedskap. Eg tenkjer at eg får prøva å hugsa korleis det kjennest.

Flyet har landa, og eg har fått livet i gave. Kva gjer det då om ein må stå i den eine køen etter den andre for å bli sluppen inn i USA. Eg legg lydig att fingeravtrykka mine; «The four fingers of your right hand, -the thumb, the four fingers of your left hand,- the thumb» Eg tek av brillene og blir fotografert, sannsynlegvis med det same fårete smilet som ein benåda fange ville ha hatt på benådningsfotoet dersom det finst noko som heiter akkurat det. Denne gongen slepp eg å fylla ut eit skjema om at eg ikkje er «mentally ill» og at eg ikkje har vore medlem av ein terroraksjon eller har planlagd terroraksjonar medan eg er i landet.  Eg lurer på kor mange ,som kryssar av i ruta på at dei har planlagd akkurat det.

Me kjem ut i ventehallen og inne på toalettet ser eg at eg er i USA, det finst store skilt om «slippery floor», og «caution». Det er sikkert for å utelukka at nokon skal saksøkja toalettinnehavaren fordi dei ikkje vart advarte mot faren for å skli på golvet.

EIn mann kjem trillande med bagasjetralla si. Oppå kofferten sit det ei lite jente på fire-fem år. «I am so proud of you», seier faren. «You are such a good girl! So proud of you.» Det er ganske rørande og som klippa ut av ein amerikansk film. Jo då, me er vel framme. Me går ut for å venta på bilen som skal henta oss. Ute er det heitebølge, trettiseks varmegrader, lett bris og oransje solnedgang.

Heidi

4 kommentarar
  1. maybrit's avatar
    maybrit permalink

    Takk for herleg oppdatering 🙂 Eg smiler – ler og kjenner meg att. Eg er stolt over kor sanseleg du er – og konstaterer at fantasien din er uendeleg og ein stor nøkkel for deg 🙂 Eg liker at du tenker at du skal huske kjensla – kanskje er det slik nokre barn har det dagleg… Det er viktig bodskap.. Nyt øyeblikka og del dei fleste! Eg gler meg til kvar einaste meddeling ❤

  2. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Takk skal du ha,kjære syster, VIss det går som eg helst vil, så blir det oppdatering kvar dag. 🙂

  3. gro ingeborg's avatar
    gro ingeborg permalink

    Herlig å lesa Heidi når du sit på flyet. Eg kunne bare ha lagt inn kopi med det same. Akkurat dei same tankane eg sit med. Har du forresten høyrd Ingvald Wilhelmsen som spør ei mor som ringer inn til ham heilt i frå seg fordi hu er så redd for sonen som er på jordomreise? Han spør henne om ho har du guddommelige krefter, då ho fortel at ho er så redd for han når han flyr. Nei, sjølvsagt har ho ikkje det er svarert. Kvifor spør du om det? Nei, dersom ho tenkjer at hennar «vandring»( at ho ikkje søv),tankar, har kraft til å halda flyet oppe? Det tenkjer eg mykje på når eg skal ut å fly. Eg må «gje» frå meg kontrollen til flygarane – dei kan kanskje litt meir enn meg….. Kos dokke

  4. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Det er godt me er fleire, Gro Ingeborg. Det handlar om å gje vekk kontrollen, ja. Eg prøver og å fortelja meg sjølv kor flinke flygarane sikkert er. Og det bør dei helst vera… Og me kan vel vera einige om at det er noko heilt naturstridig med å bli frakta over dei store hava i ein metallboks uendeleg langt over bakken… Men det går jo som regel bra… Eg ser på dei som jobbar der og tenkjer at for dei er det ein vanleg dag på jobben… Ironisk nok så er det mange som drøymer om å jobba på eit fly. Skal sjå eg kjem heil heim att og, det kan jo lett gå bra. Lukka til viss du skal «i elden» i sommar… God sommar i alle fall, og klem frå meg.

Legg att svar til heidi Avbryt svar