Nags Head, North Carolina.
Ytterst i havgapet langs kysten av North Carolina går det ein veg som går over fleire øyer som vel eigentleg er sandbankar langs kysten. Me starta turen i dag morges, og trudde vel eigentleg at me straks skulle vera på ein spektakulær kystveg, men det som på kartet såg ut som ein koseleg liten veg, viste seg å vera ein tolvfelts motorveg. Men sånn etterkvart smalna vegen av, og me tok av frå den største vegen og kom lenger ut, over bruer og gjennom undersjøiske tunellar. Me er nå på ei smal øy, eller kanskje snarare ein sandbanke. Naturmessig er dette veldig spesielt og minner kanskje litt om dei innerste øyene på Hebridane, som me besøkte for sånn ca ti år sidan, men stilen her er heilt annleis. Medan det der var steinhus, masse sauer og gamle kyrkjer og klosterruinar, er det her masse kaotisk bebygning, desse store varehallane som liknar på store fabrikklokale, mange hotell i alle fasongar og variantar, og masse hus som ser ut som om dei er heilt til nedfalls, det er sikkert ganske verhardt her, så det kan nok ha med det å gjera. Innimellom er det fine hus i sterke pastellfarger, og klitter og sanddyner med marehalm som går ned til strendene. Her er masse badeturistar, akkurat nå oss inkludert.
Me har teke inn på eit lite, litt brakkeliknande hotell, der det er ein liten balkong framfor kvar leiligheit i andre etasje, og to meter murgolv med store trestolar framfor dørene i første etasje der me bur. Det er faktisk internettdekning utanfor og, så nå sit eg her og skriv. Det er sjølvsagt slik at alle har ein parkeringsplass til sin bil rett utanfor døra til sitt rom, og førti meter frå meg går vegen der bilane kjører ganske fort forbu. På den andre sida av den vegen er det sanddyner med marehalm og like bak dei er det flotte sandstrender med lysebrun sand. Ein flokk kjempestore sjøfuglar med lange nebb flyg fram og tilbake. Eg har prøvd å finna ut kva slags fuglar det er, det kan likna på veldig store skarvar, men dei er ikkje fullt så svarte.
Me har ete tidlig middag i nabohuset; «Fat boyz restaurant». Eg tvilar på at ein restaurant med det namnet ville opna i Norge. Sjølvsagt var dei spesialistar på fastfood, så eg har ete ei chilipølse med sterk sennep og chilisaus, medan han andre har kost seg med pommes frites og ein gigantisk hamburgar, til måltidet hadde me kvar vår enormt store «medium size pepsi». Utanfor restauranten var det ein koseleg treveranda der serveringa gjekk føre seg, og ute er det deilig, sval sommartemperatur. Temparaturen dei siste dagane har sunke frå det eg ville tru var ca 35 grader, til deilige 25 grader, så for første gong møter me ikkje ein vegg av varme når me går ut av bilen eller hotellromet. Med andre ord er temperaturen heilt perfekt akkurat nå, og det gjer ingenting at himmelen er dekka av eit tynt skydekke.
Me har vore nede på stranda og bada. Eg har aldri bada i så varmt sjøvatn. Det var ikkje kjøleg til å begynna med ein gong, bare nydeleg og lunka. Ein annan ting er at eg aldri har bada i så store bølger. Dei fleste bada ved å vassa til knes og så braut bølgene så høgt og sterkt at du vart våt til halsen. Det sat badevakter i sånne høge stolar og passa på, men bare dei modigaste våga seg så langt ut at dei kunne symja litt. Me spurte badevakta om det var slik alltid, men det var det ikkje, det var ei spesiell vindretning akkurat nå som laga monsterbølgene. Medan me var der begynte det å regna litt. Eg håpa at det skulle koma ei skikkeleg regnbyge, for eg har ikkje bada i høljeregn sidan eg var lita jente, og det hugsar eg som noko heilt magisk. Akkurat nå begynner det å regna litt igjen, så kanskje det blir ein ny sjanse, det kan tenkjast at me blir her ein dag til, for dette blir vel vår «sydentur i sommar». Ein dag på stranda kanskje? Det vil visa seg. Som ein kontrast til det daglege strengt timeplanlagde livet er har til dagleg, er det herleg å ikkje vita noko om morgondagen.
Nå vart eg akkurat kjend med naboane på hotellet, ei bestemor som er her med barnebarn og dotter. Ho fortel at ho budde her i ti år. Ho er overraska over at me har reist hit heilt frå Norge. «What brings you here?» Eg har spurt henne om dei store fuglane. Ho seier det er seagulls, eg seier at desse er større og mørkare, ho trekkjer på skuldrene og smiler og seier «I have always called them seagulls.». Eg får googla og sjå om seagull pr definisjon er meir enn måkar. Ungane vil ned til sjøen, men grandma meiner dei kan venta til i morgon fordi veret er så grått og bølgene så store. «I can`t swim», seier ho, «so I just watch out for the children».
Nå skal me ut og fotografera litt.
Tida opnar dagane og ynskjer sommaren velkomen.
Heidi
LIknande innhald
From → Barndomen min., Kjærasten min, Reiser, sommar
ÅÅÅÅ – dette høyres koseleg ut. Lat dåkke.
Nå har me vakna til ein litt gråare dag og ser det an med litt kaffi på senga. Kanskje me tek ferge ut til ei øy lenger ute.
Eg har lagt ut. bileteav dei store fuglane på facebooksida mi. Kanskje Henrik eller nokon andre kan hjelpa meg med. artsbesremminga?