Melodien
I dag har salmen min fått melodi. Det er noko magisk kvar gong det skjer. I morgon reknar eg med å få med meg urframføringa i Tøyen kirke.
Me har kjørt frå vest til aust og hadde med oss Gunnar som skulle på Paul Simon konsert i kveld. Me har ete pizza og jordbær hos svigerforeldre og fått låna nøklar til eit hus og til ei hytte på eit svaberg i havet. Temperaturen steig ti grader på vegen austover. Her blir me til det har blitt august og litt lenger, me håpar å få litt skrivetid innimellom det andre. Eg skriv meir etterkvart.
Heidi
Kommenter innlegget