Gå til innhald

Heime i regnet for å ha det fint og for å snu

juli 24, 2012

Så heldig eg var som var heime akkurat dei få dagane då mi hjartevenninne Astrid kom frå Hamar med familien sin. Eg har fylt huset med glade menneske, plukka blomar og sett på bordet, kokt kyllingsuppe, bakt brød og eplekake, dekka langbord og hatt overnattingsgjester. Me har vaska klær og klipt graset og vore på besøk hos dei utflytta ungane våre. I går føremiddag kom Ingrid med ei skål vaffelrøre og med heimekokt jordbærsyltetøy, og så sat begge jentene ved kjøkkenbordet medan eg kokte og bakte og laga mat til gjestene som skulle koma. Etter å ha vore borte i tre veker er det deilig å ha jentene mine rundt meg igjen. Gutane og sjølvsagt, men denne gongen har eg sett mest til jentene. Og så har eg rukke å klappa katten og ha besøk av Oscar.

I går var det fin minnegudsteneste etter 22 juli i fjor, og det var fint å få vera med og bidra, sjølv om kroppen min framleis trur han er i USA og ikkje ville sova før det var leggetid der borte. Derfor vart det ikkje meir enn to og ein halv times søvn den natta, men det gjekk forbausande bra i heile går. Av dei fire siste nettene har to vore heilt eller nesten utan søvn, og det har faktisk gått bra. Eg blir nok trøytt til slutt dersom det er om å gjera. Nå må eg bare ordna litt og bli klar til å leggja meg slik at me kan koma oss i veg austover i morgon.

I dag klarte me til og med å finna eit TV-program som var Amish-relatert. Som det har gått fram av innlegga den siste veka, så er eg blitt litt hekta på Amish-kultur. Eg synest det er eit spennande fenomen både sosiologisk, religiøst og paykologisk. På flya heim las eg først biografien til ein som hadde vakse opp i Amish- samfunnet, men hoppa av som vaksen. Eg les og ei ganske tjukk bok der menneske med ganske gode kunnskapar som ikkje sjølv var Amish, mellom anna ein med doktorgrad i religion hadde skrive essay om levemåten og teologien. Eg hadde to veldig fine flyturar fordi eg var så oppteken av bøkene at eg nesten ikkje var redd, så viss ein strekk det veldig langt kan ein nesten seia at Amish-læra faktisk gjorde ein stor og praktisk forskjell  ein krisesituasjon i livet mitt. Det høyrest jo ganske fint og dramatisk ut i alle fall. Kanskje eg må slutta å le av at han eg deler livet med blir så utruleg hekta på

Det har regna tett, og det har vel vore ca 14 grader ute, men for dei av oss som har vore mest tre veker i ei skikkeleg heitebølge, så er det i grunnen heilt greitt. Det er ganske deilig å kunna sova utan air-condition og med dyne. I Oslo sit det ein som er verkeleg flink med musikk og lagar melodi til den siste salmen min. Det er skikkeleg spennande når tekstane mine får venger av tonar, eg har fått fire versjonar tikkande inn på pc-en i løpet av dagen, kanskje eg får med meg ei urframføring allereie på onsdag.

Men nå var det god natt. Du verda for ein sjølvdisiplin. Først skal eg bare…

Heidi

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Det där med självdiciplin… 😉 Det har då jag inte fått medskickat!
    Jag har också läst och sett en del artiklar och program om Amishfolket och fascinerats.
    Hur går det med nya bloggen? När stänger Anderdräkt ner?

  2. heidi permalink

    Eg har eit par veker på meg til å ordna med ny blogg. Det kjem til å gå fint i seg sjølv, men eg vil svært gjerne ha med meg tekstane. Godt eg har ein datakyndig mann, og Andreas har og sagt han vil hjelpa til. Litt vemodig er det. :,)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: