Gå til innhald

Bli i kjærlighet

september 7, 2012

3.august 2012

Me er dei første inn i lokalet. Eit sekund blir eg overvelda av kjensler og må trekkja pusten roleg. Det er så vakkert lys der. Blomane er så fine. Det slår meg kor vakre blomekransar er. Store kransar, alle ulike, og to hjartem eit av raude roser og eit av kvite. “Vi møtes igjen. Din Arild” står det på kransen frå svigerfar. Eg må trekkja pusten roleg igjen. Solisten øver saman med gitaristen: “Jeg synger meg ein blå, blå salme, når dagen svinger hatten til farvel.” Eg ser at ho som syng er berørt av situasjonen. Auga hennar er blanke. I døra står det eit nydeleg bilete av svigermor med det same stålande smilet ho hadde når ho såg på barnebarna sin. Ved sida av biletet står det eit lys og brenn. Me legg ei kvit Märtha-lilje som Eva Mari har teke med seg framfor biletet.

Sunniva skal dela ut program med songane, og med det same fine biletet av svigermor med snøkvitt hår og jordbærfarga bluse. Ho står i døropninga i svart kort kjole og tårer rennande i små bekkar nedover ansiktet. Ho må få assistanse frå storebror.Orgelet begynner å spela, og alle finn plassane sine.Me sit tett saman og kjenner sorga som eit kappe rundt oss alle. Eg fekk lov til å plukka ut salmer saman med svigerfar. Eg tenkjer at tekstar og musikk er det me treng når me sjølve kjem til kort:

Først solosongen, “Å leva det er å elska, det beste di sjel fekk nå.”

Så “Blott en dag”: “Hjälp mig Herre att vad helst mig händer, taga ut din trogna fadershand; blott en dag ett ögonblick i sänder, tills jag nått det goda land.

Min eldste svoger går opp på talarstolen og held ein nydeleg minnetale for mor si, før me syng att, noko av det som står for meg som ein av dei største løyndomane i livet:

“Kjærlighet fra Gud er det store bud, er det eneste jeg vet.

Bli i kjærlighet, og du har Guds fred, for Gud selv er kjærlighet.”

Presten kjem fram og snakkar til oss med varm stemme. Ho legg avdøde i tillit over i Gud sine hender, kista blir senka, og presten kastar tre skuffer svart jord over kista og dei kvite blomane:

Av jord er du kommet. Til jord skal du bli. Av jorden skal du igjen oppstå.   Første gongen eg høyrde desse orda fekk dei meg til å grøssa, nå synest eg det er noko veldig fint, nær sagt jordnært over akkurat jord. Det seier noko om kven me også er. -Jordmenneske.

“Lei milde ljos igjennom skoddeeim, lei du meg fram.
Eg går i mørke natt, langt frå min heim, lei du meg fram.

Før du min fot, eg treng ei sjå min veg, så langt og vidt, -eit steg er nok for meg.”

Me blir velsigna før siste solosongen:

“Jeg synger meg en blå, blå salme
når dagen svinger hatten til farvel
og ror med sakte åretak mot strender
dit alle dager ror når det blir kveld.

*

Da søker jeg min hvile
ved treets trygge rot
mens sankthansormer gløder grønt i gresset ved min fot.
Da synger jeg min salme.

*

Jeg synger meg en blå, blå salme
og takker for all grøde som ble min.
For lyse døgn, for barneskritt i tunet
og dine gode kjærtegn mot mitt kinn.

*

Men òg for våkenetter
som aldri unte ro
men gav min dag et dunkelt drag jeg aldri helt forsto.
Nå synger jeg min salme.

*

Jeg synger meg en blå, blå salme
til deg, du Hånd som sanker og som sår
og senker deg med signing over jorden
med legedom for alle våre sår.

*

Som byr oss rette ryggen
stå opp og gå i strid.
med løftet hode skal hver sjel gå inn i Herrens tid.
Så synger vi vår salme.”

(tekst Erik Bye)

Saman går me fram og står nokre minutt ved kista før me går ut til resten av livet. Takk til svigermor, som aldri sa eit vondt ord, men bare var alt det gode nokon kunne ynskja seg. Eg håpar eg har lært noko viktig av deg om tålmod, uthaldenheit, tilfredsheit, kjærleik og respekt. Det var fint å få gå dei siste stega saman med deg.

Heidi

 

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget