Gå til innhald

Før livet skal i bok

september 7, 2012

Sommaren er fullmogen. Den siste veka har vore spesiell. I dag er det ei veke sidan gravferda- Me hadde sterke og spesielle dagar samen med svigermor før ho datt, og før det vart klart ein gong for alle at for henne vart dette verkeleg siste sommaren. Me hadde ei sterk og spesiell veke etterpå og, der me skulle vera saman med svigerfar og støtta han, samtidig som heile familien stod saman om å førebu gravferd, barnebarna kom heim eitt for eitt og det fyldest opp i husa. Men visst kan ein bu godt på sofaen i ei stove når alle partar samarbeidar. Me såg på bilete og snakka og hadde måltid saman. Folk rundt meg hadde alle mista kona si, mor si eller farmor si, og var alle i djup sorg, og nokre av oss var i same situasjon som meg og hadde mista svigermor si.

Gravferda var fin, og same kvelden samla familien seg og åt varm suppe, is og nyplukka bær, dagen etter sette me oss i bilen og kjørde til vårt eige hus, der me mest ikkje har vore heile sommaren. Huset var plutseleg veldig stort og romsleg, hagen skreik etter stell, og masse klede skulle vaskast. Me har fått så mykje varme og omtanke og i stova bugnar det av fantastiske blomebukettar. Så mange fine folk me kjenner.

Her i huset flyttar me rundt, nokon flytter ut, nokon har flytta og nokon byter rom. Me har kome litt i gang med det me opprinneleg hadde planar om å gjera i huset av rydding og lettare oppussing. Men sommaren har vore sterk og spesiell. Det me ikkje har nådd, har me ikkje nådd, og kjem tid kjem råd-. Desse dagane etter me kom heim har eg hatt eit slags behov av fred og ro. Eg har ofte latt vera å skru på radioen, og det har vore godt å ha plass til tankane sine. Eg og syster hadde ein fin dag i lag med farmor. Ho skremte oss med å få eit lite hjarteinfarkt medan me var i USA. men teke i betraktining at ho er 95 år, vil eg framleis påstå at formen er god. Ho møtte oss med varme kjøtgryter, og ingen er så glad som farmor i å sitja rundt kjøkkenbordet og prata om den store verda og den vesle verda og le av alt det går an å le av. Svigermor opplevde i sommar at livskreftene ebba ut, og snakka ope om det. Farmor kjenner nok på litt av det same, om ikkje anna så gjer ho det kvar gong ho reknar åra sine og kjem til nittifem. Eg er glad og takknemleg fordi eg framleis har henne med heile henne, humor, livskraft og åndsevner heilt intakt, og reflekterer over at eg har fått ha mi farmor lenger enn barna mine fekk ha si. Ein kan vel samanfatta at eg kjenner på dei store tinga i livet, og omgåst med kjærleik og død medan naturen er på sitt mildaste og frodigaste og klokka tikkar mot slutten av ferien.

Eg har hatt rare draumar om å amma nyfødde barn, og om å ta farvel. Eg har drøymt om gondolar der den som skal døy står i stavnen av båten med venetianske dødsmasker, om noko skulle heita det i det verkelege livet, og om gondolførarar som syngande ror dei ut mot døden medan me andre står på brygga og syng salmar. Eg går ut frå at desse draumane dukkar opp fordi eg har rørt ved grensene for det forgjengelege i livet, og skriv dei ned her rett og slett for sjølv å hugsa dei og kunna undra meg over dei seinare.

Medan eg skriv dette, ringer det på døra, og der står det eit blomsterbod med to nye og heilt fantastiske bukettar. Så fine venner me har, og så mykje det varmar med omtanken. Eg flytter litt rundt på blomane og prøver å laga blomsterhavet slik at alle bukettane får koma mest mogleg til sin rett. Nå har me vel ti bukettar i stova av det slaget me vel aldri unnar oss å kjøpa til oss sjølve. Og Torhild kom i dag med seg sjølv, ein nydeleg hjarteforma asymetrisk lysestake, eit trøystekort og mørk sjokolade.

Eg har plukka rips i hagen til mor og far og fått dei vel i fryseboksen, og ete kjøttkaker med foreldra mine, Sunniva og Ingrid. Så har eg og jentene vore på bytur og site på “Sjokoladepikene” med kakao, chai-latte og cappuccino, og av alle ting har me tre kjøpt oss like ytterjakkar, Ingrid sin er blå, medan meg og Sunniva sine er plommefarga.

Nå skal me snart ut og feira Gunnar sin gebursdag. På sida av meg ligg ei bok med svart omslag. “Utdanningsforbundets almanakk” står det på innsida. På måndag begynner eit nytt skuleår, og livet skal igjen skrivast i bøker og timeplanar. Det heilt frie og uføreseielege livet skal tilbake på båsen sin og timeplanen skal skrivast. Foreløpig har boka fått liggja så godt som uopna, men snart må eg finna fram kulepennen og få oversikt over avtalane mine…

Sa eg at eg alltid har vore spesielt glad i dagane i august?

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: