Nå har eg flytta

Ynskjer velkomen til den nye bloggen min med eit bilete eg er glad i, malt av Ingrid då ho gjekk på vidaregåande.
Heldigvis har eg ikkje flytta meg sjølv og tinga mine… Eg har bare flytta meg sjølv og tekstane mine frå Andedrakt til hit. Snille og hjelpsomme Andreas, som har drifta andedrakt, har bestemt seg for å leggja ned, så nå må eg stå på eigne bein. For første gong går eg ikkje vegen om Sverige med tankane mine. Det har vore ei fin tid, tusen takk til Andreas. Nå er eg letta og glad fordi eg faktisk har klart å transportera dei meir enn tusen tekstane mine hit, så nå fortsett me her i frå. Det aller beste er at eg faktisk nå kan leggja inn bilete, og det har eg tenkt å gjera. Eg ser ikkje vekk i frå at det kunne ha latt seg gjera dei ni åra eg budde på andedrakt og, men eg fann i alle fall aldri ut av det.
Her kjem eg til å halda fram med å løfta fram tankar og levde timar. Det blir spennande å sjå om lesarane mine finn vegen hit og. Katten sit på musematta og vaskar seg og mel om einannan, og nå har eg brukt så mykje tid her at eg snart må gå og rydda litt. Snart, kanskje i morgon den dag skal eg innvia staden «på skikkeleg» med eit reflektert, langt og nyskrive innlegg, trur eg… Velkomen hit til meg.
Heidi
Dit du går vill ock jag gå
🙂
Så kjekt, Scylla. Du och jag 🙂