Gå til innhald

Tango i august- å samleva ein sommar

september 7, 2012

August 2012

Me har vore på Bru på tangokonsert med gruppa “Bicicletta”, trur eg det var dei kalla seg. Det var kjempefin musikk, historiar og litt improvisert oppvisningdsdans, og gjennom vindauget hadde me utsikt til havet med bølger og måkar og til markblomar, enger og åkrar. Ei dame spela på eit merkeleg trekkspelliknande instrument med ein betagande melankolsk tone, som visstnok slett ikkje var eit orgel, men ein miniversjon av eit trøorgel. Saman med dette instrumentet var det flygel og fiolin, musikarane var utruleg dyktige, og hadde komponert mykje av musikken sjølve. Og himmelen var blå og lufta sval og blond. I pausen serverte dei kaffi og te, vannbakkels med vaniljekrem, oliven og jalapenos. Då me kjørde heim i sommarkvelden og lytta til lydboka “Din nestes hus”, som me ikkje har klart å lytta oss gjennom i løpet av ferien, var det så vakkert ute at ein kunne få lyst til å gråta.

I føremiddag gjekk eg og Ingrid tur langs stranda med Oscar. Det var overskya då me køyrde heimefrå, men då me kom ned til sjøen var det klarna opp og blitt sommar. Folk i badedrakter, shorts og bikiniar trekte ut til strendene for å få ein liten smak av sommar før han finn det for godt å forsvinna att. Eg sparka av meg skorne og vassa i strandkanten med buksa bretta opp til over knea, og kjende at om eg hadde vore kledd til det, så kunne eg faktisk ha bada eg og. Vatnet var krystallklart, strendene kvite og reine og bølgene passe store. Dersom me i tillegg hadde hatt varmare klima, så trur eg strendene våre hadde vore ein turistmagnet i verdsklasse. Oscar sprang glad og fornøgd langs strandkanten og passa seg godt for bølgjene. Innimellom helste han sjenert på andre hundar som var ute saman med eigarane sine.

I går var me på teater og såg “Abrahams barn” av og med Svein Tindberg. Han rørde ved religionane på ein poetisk og respektfull måte som gjorde at eg fekk lyst til å trengja inn i Koranen og Muhammedbiografiane og bli kjend med islam frå innsida. Finna poesien, historiane, luktene og tankane som ligg bak det som har utvikla seg til å bli islam med alt som høyrer til. I følge Tindberg hadde Muhammed til å begynna med ingen ønske om å skilja islam frå jødedomen og kristendomen, for han var dette det same landskapet. Samstundes fortalde han oss at islam i opphavet var ei svært fredselskande religionsforståing. Muhammed fekk openbara at den som drep eitt menneske har forbrote seg like sterkt som om han hadde drepe heile menneskeslekta.

Etterpå åt me thai-mat og såg handballfinalen i OL saman med Heidi og Per Inge. Det er alltid noko fint, godt og trygt med å vera i lag med gamle venner som me ikkje får vore saman med like ofte som me eigentleg skulle ha ynskja det. Vennene våre betyr svært mykje, og den støtta me får etter dødsfallet kjennest god og varm.

Elles har eg og kjærasten min verkeleg samlevd i sommar. Me har vore saman døgnet rundt svært mange av dagane i sommarferien. Sidan me lever så aktive liv begge to har dette vore ein kontrast til livet resten av året, ein slags god unntakstilstand. Me har mest ikkje vore heime, men vore på reis han og eg, nesten frå feriestart til ferieslutt. Me har vore på ei spesiell ytre reis i ukjent terreng for begge to i USA og ei meir meditativ reis i eit tildels ukjend indre landskap med døden tett innpå oss og til slutt heilt omsluttande rundt oss. Det er fint å oppdaga at me framleis trivest med å vera mykje saman. Etter ein lang og levande periode med huset fyllt av ungar, tømmest det i heimen, og om mindre enn to veker har me bare Halvard att, og han har fått lov til å flytta ned i kjellarleiligheita. Livet går i sirklar gjennom dei same roma og årstidene, samtidig som det for kvart år tek oss eit hakk vidare i livsspiralen.

Og dessutan flyttar eg snart her i frå Andedrakt. Eg har funne meg ein ny plass og flytta mesteparte av tekstane dit, og ein av desse dagane inviterer eg dykk dit, eg håpar alle har lyst til å vera med.

På Eyvind Skeie sin blogg fann eg eit dikt om å gjerne villa leva. Det gjorde inntrykk på meg etter samtalane eg har hatt med svigermor og farmor i sommar. Og det gjorde inntrykk på meg i lys av det at eg les bloggane til nokre flotte ungdomar som slit med det motsatte problemet, dei veit ikkje om dei har lyst til å leva, eller orkar den kraftanstrengelsen dei kjenner det er å prøva å få livet på ein gladare kjøl. Eg ville så gjerne hjelpa dei med livsmotet. Sjølv vil eg svært gjerne leva, helst til eg er hundre og fem… Og eg blir av og til skremt av denne skjøre, mest usynlege grensa mellom liv og død. Eg fekk lov av Eyvind Skeie å bruka diktet hans på bloggen min, så eg limer det inn til ettertanke her nederst på sida. Det som skulle handla om livsglade tangotonar vart meir filosofisk enn eg hadde tenkt. Slik kan det gå i august, denne lett melankolske og usannsynleg vakre månaden. – Og i morgon ringer vekkjerklokka for første gongen på lenge. Og nå skal Eyvind Skeie få siste ordet:

1 Jesus, gi meg flere dager,
jeg er ennå ikke klar.
Det er ennå mange spørsmål,
og jeg leter etter svar.
Noen trenger meg fremdeles
i det liv jeg lever her.
Gi meg, Jesus, flere dager
mellom dem som jeg har kjær.

*

2 Mine tårer er så bitre,
og min sorg er uten navn.
Jeg har mennesker omkring meg,
men jeg bærer på et savn.
Det er savnet av en fremtid
og et liv jeg aldri får.
Kjære Jesus, gi meg dager,
om du ikke gir meg år!

*

3 Det er tungt å skulle reise,
det gjør vondt å ta farvel.
Døden skiller meg fra andre,
og da mister jeg meg selv.
Gi meg dager, kjære Jesus!
La den bønnen få et svar.
Og om døden skulle komme,
vær du hos meg, når jeg drar.

Eyvind Skeie

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget