Gå til innhald

Kulturkvelden med prisutdeling vart magisk for meg

november 3, 2012

Den største overraskinga var at Sunniva plutseleg stod på scenen. Utan at eg visste noko hadde ho kome heim for å opptre for meg

Kulturprisutdelinga vart verkeleg ei oppleving for livet. Eg ante ikkje kva som skulle foregå, og vart heilt overvelda då eg kom til lydprøven og såg den fantastisk vakkert pynta scenen med Lene sine blomsteroppsatsar i haustfargar. Då me ankom seinare på kvelden var det rulla ut rød løpar framfor kulturhuset, og to høge faklar stod ved døra, der kultursjefen stod klar for å ta i mot meg og han som skulle få innsatsprisen etter å ha drive kristent barnearbeid i ein mannsaldar. Vel inne på scenen sat symfoniorkestaret klar, og etter eit nummer med dei kom det inn ein stor flokk barn med fiolinar som spelte saman med dei.

 

 

Eg sat på første rad med familien min på høgre sida og ordføraren med ordførarkjede og det heile på venstre sida. Tårene begynte så smått å renna då Jan Ivar og Kirsten kom fram på scenen og song Cohen sitt «Hallelujah». Min tidlegare elev Johannes spelte ragtime på flygelet, songgruppa shalom song salmane mine, klokkaren fortalde om då han sat i slottskapellet i Oslo og fekk presentert ein ny salme som viste seg å vera min. Marianne, Fiona og Øyvind frå kulturskulen spelte «Autumn leaves» på flygel, fiolin og tverrfløyte så veggene vibrerte, og dansarar frå Unge spor dansa før dei annonserte at Iren Førland skulle synga «Du er min juvel, mitt barn». Då stod plutseleg Sunniva på scenen utan å vera annonsert, ho sa nokre ord om å lura mor si før ho las eit dikt eg har skrive til henne,
Eit slags kjærleiksdikt

Ansiktet ditt
er aleine i dag,
forsvarslaust og ope,
og eg kan så lite gjera.

Eg ville så gjerne

byggja murar av varme
om ansiktstrekka dine
ville så gjerne
stroke tanken din trygg.
Eg veit du skal aleine ut
i landskap eg ikkje kjenner,
møta morgonar eg aldri skal få sjå.Eg einsame,
skal stå aleine att
med andre ansikt
med andre barndomar.
Så lenge lyset framleis
finn meg,
skal eg stryka kinnet ditt
med ømme tankar,

skal eg håpa
at auga dine,
dei små blå stjernene,
at munnen din,
den vesle raude fuglen
har det godt.

Så song ho Blå, blå salme, av Erik Bye:

Jeg synger meg en blå, blå salme
når dagen svinger hatten til farvel
og ror med sakte åretak mot strender
dit alle dager ror når det blir kveld.
Da søker jeg min hvile
ved treets trygge rot
mens sankthansormer gløder grønt
i gresset ved min fot.
Da synger jeg min salme.

Jeg synger meg en blå, blå salme
og takker for all grøde som ble min.
For lyse døgn, for barneskritt i tunet
og dine gode kjærtegn mot mitt kinn.
Men òg for våkenetter
som aldri unte ro
men gav min dag et dunkelt drag
jeg aldri helt forsto.
Nå synger jeg min salme.

Jeg synger meg en blå, blå salme
til deg, du Hånd som sanker og som sår
og senker deg med signing over jorden
med legedom for alle våre sår.
Som byr oss rette ryggen
stå opp og gå i strid.
med løftet hode skal hver sjel
gå inn i Herrens tid.

Så synger jeg min salme.
Og ved klaveret sat Torhild som hadde vore med på å halda dette hemmeleg for meg. Ingrid hadde og opptil fleire fingrar med i spelet. Ho kom pynta og fin med stor blomsterbukett i armane før forestillinga og sa at me måtte ta mange bilete slik at Sunniva fekk sjå koss me hadde det… Det var ein nokså surrealistisk situasjon å befinna seg i, eg trur sjeldan eg har blitt så rørt, og eg som skulle på scenen og opptre rett etterpå. Heldigvis gjekk det bra. Det var utruleg kjekt å lesa til Torhild sitt klaverspel. Det har eg lyst til å gjera fleire gonger. Og den store glasspokalen i tung krystall frå Hadeland glasverk ,med inngraveringar av namn og viper og raunbær, slapp eg heldigvis ikkje i golvet og knuste. Det var eigentleg min største skrekk at eg kunne koma til å knusa pokalen, ikkje det at eg skulle halda tale eller opptre, slike ting liker eg i grunnen å gjera.

Marianne og Ingvar Lygren song og spelte så fint at eg kunne ha sitte der resten av natta og høyrt på, men så var det allsang av Solnedgang på Jæren, og så var det famnen full og litt til av fantastisk vakre blomar, og fotografering, gratulasjonar, avisintervju og klemmar før eg tok med meg Gunnar og familien med ungane, mor og far, syster og bror med heim til god mat og meir feiring.

Eg er eit utruleg priviligert menneske som fekk oppleva noko slikt, og av alle merkelege ting eg har vore med på er dette noko av det aller merkelegaste. Noko av det  aller beste var at kassane med diktbøkene vart leverte same ettermiddagen slik at eg fekk vist dei fram. Nå er me tilbake i kvardagslivet, og det er bra det og.
Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget