Gå til innhald

Tannlegen min ringde

oktober 31, 2012

Med mops og katt…

Eg hadde avbestilt ein tannlegetime i april med fylgjande mail: «Då tannlegetimen eg har fått ikkje passar, då eg har det svært travelt og tennene mine har oppført seg eksemplarisk det siste året, ber eg om at timen blir sletta og at eg heller blir innkalt i september.» Sidan timen i september heller ikkje passa, var min første tanke då eg forstod kven som ringde, at tannlegen hadde begynt med oppsøkjande verksemd. Han spurde om eg skulle noko fredag den 2.november. Eg sa at det trudde eg ikkje, men at eg måtte sjekka almanakken før eg svarde sikkert. Koss visste han at fredag var fridagen min, og ein passande dag for tannlegebesøk? Han presiserte at han meinte om kvelden, og eg lurte på om han ville spørja meg om å lesa dikt eller om å vera forteljar på ei tilstelning…

«Du må nesten setja av den kvelden,» sa han. For då skal du møta i Storstova og ta i mot Timeglaset». Timeglaset er Time kommune sin kulturpris, som blir delt ut ein gong i året. Eg visste at eg var blant dei nominerte, og at prisen skulle delast ut omtrent på denne tida, men at tannlegen min var innvolvert i tildelinga visste eg ikkje, derfor kobla eg ikkje i det heile tatt…

Og visst er det hyggeleg å bli sett pris på, eller at det arbeidet ein gjer blir sett pris på… Denne telefonen fekk eg i september. Og så kan eg i framhaldet sitera «Teddybjørnens vise»: «Og siden har det snurra nesten mere enn jeg vil…» Eg har fått uttallige gratulasjonar. Folk eg nesten ikkje veit kven er har gitt meg klemmar på gata og sagt at dei vart så glad for tildelinga og at det er veldig fortjent. Er det rart at eg blir både rørt og sjenert… Eg har fått gratulasjonar på facebook, og til og med brev i posten, og blitt nevnt i leserbrev i avisa. Den mest lokale lokalavisa har skrive om det tre gonger nå, og i morgon kjem det eit intervju i regionsavisa. Jantel0ven boblar inne i meg. Eg veit jo at mange andre hadde fortent prisen minst like mykje, og at mykje av det eg har gjort er lagarbeid. Eg kjenner meg ein smule overfokusert og overeksponert, men på fredag er prisutdelinga, og så er den hendinga over som ei merkeleg lita boblande livshending på same måten som for eksempel 5o-årsdagen var det.

På fredag skal eg få prisen og programmet er hemmeleg for meg. Visst er det spennande. Det einaste eg veit er at eg skal lesa dikt eg har skrive og halda takketale, og at Torhild skal spela på det fine sceneflygelet medan eg les. Me har øvd i kveld ho og eg, og det var kjempekjekt. Det å lesa til akkompagnement blir det næraste eg kjem til å synga, for song er dessverre noko eg av ein eller annan grunn ikkje får særleg godt til. Ein gong i livet har eg forresten ræppa med band på «De røde sjøhus» inne i Stavanger. Det må koma på lisa over dei femti merkelegaste tinga eg har gjort, trur eg…

Noko som er veldig positivt er at dette gav meg eit slags dytt i ryggen til å få gjort ferdig diktsamlinga som eg har halde på med lenge. Diktboka «Fotnoter i sanden», vart send frå trykkeriet i Nederland i går morges. Dersom eg er heldig, har eg ho i hendene på fredag…

Heidi

From → Poesi, Skriving

4 kommentarar
  1. Oj, tjusigt! Gratulerar!

  2. Tusen takk, Scylla.

  3. Helen permalink

    Fantastisk flott kveld, Heidi. Veldig rørande og flotte opptredener til ære for deg. Ein festkveld. Du er bare best. Heldige meg som arbeidar med deg.

    • Ja, det var ein fin kveld 🙂 Ei rar oppleving i grunnen, med veldig mange fine innslag. Eg sat der og gråt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: