Gå til innhald

Novemberregn og tur med far

november 9, 2012

Regnet auser ned som det bare kan gjera på desse deler av landet i november. Eg har hatt frifredag og vore på vift med far min. Han henta meg klokka halv ti, og så kjørde me gjennom dei undersjøiske tunnelane og tok båten over til Aksdal, der me kjøpte med oss ein alpefiol, eit kort, ein roman og ei diktsamling frå ein tikronerskasse. Ein halvtime seinare banka me på døra til farmor, og vart varmt tekne i mot. Så har me vore på visitt hos onkel Laurits i det gamle heimehuset på garden som farmor og farfar hadde før, der eg var så mange feriar i barndomen. Eg fekk klappa den nydelege oransjeraude kattungen til Karin, drukke kaffi og høyrt farmor fortelja frå barndomen sin. Eg rakk og å brodera på babyteppet til vesle Sofie før me var på ferga att og kjøpte oss baconpølser med rå løk, sennep og ketsjup medan krappe brottsjøar fekk heile esker med tyggegummi til å detta ut av hyllene i kjosken. Eg elskar at eg framleis har ein far som er så ung og sprek at han framleis kan ta meg med på lange dagsturar i høljeregn i Stavanger, og viss me hadde kappsprunge opp dei åtti trappetrinna på ferga er eg heilt overbevist om at han hadde vunne, men det seier forsåvidt minst like mykje om meg som om han.

 

I heimen er det eit rikt dyreliv. Som du ser så kan ein velgja å gå for eit parti sjakk i lag med Oscar, men like interessant er det at tastaturkatten min, som bokstaveleg talt ligg og mel mellom meg og flatskjermen akkurat nå, ein kveld i denne veka lukkast i å trykkja ned ein tast som gjorde at tastaturet mitt bare ville skriva hebraiske teikn, noko som sjølvsagt gjorde heile internett utilgjengeleg i tillegg til skrivefunksjonen. Både eg og den svært datakunnige mannen eg deler hus og heim med strevde på alle viss for å få hekta av denne funksjonen, men det tok oss eit halvt døgn å få det heile på plass. Nå kan ein sjølvsagt lura på korfor i all verda eg let ein katt spasera omkring på tastaturet mitt. Det er eit godt spørsmål, men kven kan avvisa eit malande vesen med så mjuk pels? Det hender eg prøver, men etter fem sekund på golvet, er ho på plass att. Når dette har gjenteke seg ein åtte- ti gonger resignerer eg, og klappar ho med den eine handa medan eg skriv med den andre. Ikkje veldig pedagogisk, det veit eg, men sidan eg må vera pedagogisk heile dagen på jobb, er er svært unfallande i min oppdragelse av katten. Truleg er det for seint nå uansett…

På tysdag tok eg avskjed med Nelly, som akkurat rakk å fylla nitti før ho gjekk ut av tida. Eg liker å hugsa henne som dama som alltid hadde plass til ein til rundt kjøkkenbordet, som tok med meg og Anne Mette på kafeteria og spanderte varm sjokolade med krem, og som venta oss med oppvarma dyner når me kom seint heim om nettene. Kvil i fred. På gravferddagen regna det tett, men medan me fulgte henne til grava var det nesten opplett.

Denne helga skal eg skriva hovudtrekka i tiandeklasseforestillinga me skal ha til påske. Brikkene har begynt å falla på plass. God helg, alle saman.
Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget