Fotnoter i sanden
Og ikkje minst om alle dei små rare tinga i livet som du plutseleg får lyst til å le av…
Her trudde eg eg skulle få til ein hyperlink, men eg klarte bare å redigera inn linken slik han er over- Det eg ville ha sagt er at boka mi, «Fotnoter i sanden» nå er å få kjøpt via meg. Boka er på litt over hundre sider, og inneheld både nye og gamle dikt eg har skrive. Felles for dei aller fleste er at dei ikkje har vore publiserte før. Dersom du går inn på linken over, vil du få sjå framsida og baksida av boka, og dei første ti sidene med dikt. Eg skal prøva å få dette betre til, men det ser ut som om eg kan trenga litt hjelp. Grunnen til at eg skriv dette innlegget er at fleire har spurt meg korleis dei kan få tak i boka, og eg veit at fleire av dei som les her ikkje er på facebook.
Heidi



