Luke elleve – Slekt skal følge slekters gang
Dette er eit bilete av svigerfamilien min i fordums tider. Dei tilhøyrde utan tvil eit heilt anna sosialt sjikt enn nokre av dei menneska eg sjølv er direkte i slekt med. Barna mine sin oldefar står heilt til høgre i biletet, eg har aldri møtt han, men eg ser klar familielikskap til fleire av dei nålevande etterkomarane. Eit kvart menneske har si tid det skal fylla og påvirka. Som Kumbel seier: «Den der aldrig lever nu, lever aldrig, vad gör du?»
På skulen er det så levande dagar som det bare er på denne årstida. Det luktar julebakst i gangane og glade elevar kjem opp trappa med kakemenn og peparkakekoner i gjennomsiktige plastposar. Limpistolane blir etterlyste på personalromet om morgonen og små kassar fulle av juleverkstadrekvisittar står parkerte over alt. I dag vil eg ta med ein vemodig tekst som det nesten gjer litt vondt å lesa, men eg synest han er vakker.
Gled deg over engelen inni deg selv om den er alvorlig såret. Kjenn ømhet for den sårbare dyriske kroppen som er dømt til døden. Mennesket tørster etter kjærlighet, men er dømt til hjertesår, vi tørster etter kunnskap, men er dømt til å bli glemsomme og senile, vi vil bygge monumenter, men er dømt til å bygge ruiner og gravplassar. Hvordan skulle vi kunne annet enn å vise medlidenhet med hverandre?
Martin Lönnebo.
For lenge sidan, då eg kanskje var eit par og tjue år gammal, brann dette diktet seg inn i meg, og seinare har det sitte fast.
***
I mange år
var mitt liv et eneste rop,
hvor skal jeg gå hen med mitt liv?
*
Jeg brant
i det veiløse
*
Da brant du deg inn i mitt liv
og sa vær varsom,
for verden gråter.
*
Tørr dens tårer med stillhet.
Wera Sæther
Heidi
