Puslespel
For eg skal sleppa
å stå på tåspissane
og løfta namnet mitt
opp til stjernene
og til himmelen
*
Mysteriet
heng ikkje i stjernene,
mysteriet er stilla
mellom notelinjene,
*
er orda
i den varme sanden
*
er lukt av jord
og gras
når du ligg der
pladask i sommar.
*
Eg skal
leita fram puslespelbitar
og roleg leggja dei ned
på bakken,
*
så skal dei andre
koma med sine,
eller kanskje
dei har vore der allereie
*
slik at eg
kan smøya kurvar
og buar
forsiktig inn
der dei passae
*
og me skal stå der saman
i ein ring
og sjå biletet
veksa fram
*
Me skal vera glade
alle saman
for at me akkurat nå
kan stå her
barbeinte,
på gummistøvlar
eller joggesko
og sjå biletet bli
som det skal vera.
*
Meir er det ikkje å seia,
så me kan like godt
ta fram gitarane
og synga resten av kvelden.
*
Der er alltid nokon,
ein eller annan i
leopardkåpe,
fjellanorakk
eller oransje regnjakke
som bare veit
kor tonane skal liggja
og skapet skal stå,
*
men songane vil me ha
i saman,
me skal synga
høgt og falskt
eller som ekte englar
heilt til fjellgrevlingane
og ørkenrottene
kikkar fram
og dagen smeltar
saman med kvelden
og blir til natt.
Heidi
