Gå til innhald

Og gatene opnar seg

januar 25, 2013

Oscar i dress med Ingrid

Eg høyrde eit fantastisk intervju om ei dame som heitte Guro von Germeten som fann eit lite raudt trekkspel på eit bakrom. Sidan ho var musikar sette ho seg ned og laga songar akkompagnert med trekkspelet, som eg ikkje trur ho kunne spela på i utgangspunktet. Så reiste ho aleine til Paris med trekkspelet sitt og stilde seg opp og song på eit gatehjørne bare for å sjå om konseptet fungerte. Eg vart sitjande som trollbunden og høyra på, og bare elska musikken som kom ut av radioen. Så måtte eg springa rett til pennen min for å rabla ned to dikt som nokså usensurert og ugjennomtenkt skal få utgjera dette innlegget 😉

Eit lite raudt trekkspel

Kanskje eg ein dag
på eit mørkt bakrom
finn eit lite raudt trekkspel
og så vil musikken
visa meg
stadar eg ikkje har visst om.

HeidiCleo i grå sofa

Og gatene opnar seg

Og gatene
opnar seg leande mot meg.
Det skulle ikkje undra meg,
om føtene plutseleg dansar litt,
tango kanskje,
eller noko anna
eg ikkje veit om
før akkurat nå,
og eg skal kjøpa meg
ein bukett roser,
og kanskje dela dei ut
til dei første eg møter,
ein mann i blå arbeidsjakke,
ei dame med hatt og rullator
og sol i begge auga.
Under ei gatelykt
står ein hund og smiler
med flat nase
og hengande fløyelsøyre.
På eit tak i Storgata
spaserer ein grå katt
med halen rett til værs.

Heidi

http://www.nrk.no/kultur-og-underholdning/1.7348370

I intervjuet fortalde ho forresten at ho var «ordsamlar» og lytta aktivt etter ord og utsagn på bussar, tog og torg. Då er det altså fleire av oss.;-)

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: