Gå til innhald

Halvmånetid, midt i mellom ingenting og allting -( sitat songarenTrille)

februar 10, 2013

Om det reint fysisk sett er halvmånetid, veit eg ikkje, men det følest litt slik. Det har vore så mykje i det siste, med onkel som vart alvorleg sjuk, og havna nokså dramatisk inn på sjukehus. Sidan han ikkje har eigen familie har han alltid vore min næraste familie og alltid vore der. Nå er det vår tur til å stilla opp for han, og det har blitt ein del turar fram og tilbake til sjukehuset 0g ein del engstelse.  Så har eg hatt nokre dagar med ein lettvariant av den influensa som har send både elevar og kolleger på jobb rett ned for teljing. Heldigvis vart eg aldri heilt sjuk, eg har halde meg nokonlunde på beina ved hjelp av paracet , repsils og curamed, så me kom oss av garde til austlandet slik planen var, og hadde ei veldig koseleg overnatting hos Jan og Hilde, gode venner på Sørlandet, og kaffi hos Frode,verdens mest oppmerksomme og omsorgsfulle venn, som me og er så heldige å kjenna. Vel framme kom Eva Mari og Henrik på besøk til det lånte huset vårt med varm middag i ei skål.

I dag har me brukt tida til rydding i svigerforeldra mine sitt hus. Mest av alt har me rydda bøker.  Eg trur at dei utan overdriving har mange tusen bøker, dei har verkeleg alt frå skinninnbundne bøker til pocketbøker om barneoppdragelse, feminisme, kunst, gresk grammatikk, medisinske bøker og norsk for arabiske innvandrarar. Det er trist og spennande på same tid, og meir enn noko kjem det tydeleg fram kor mykje det er plass til i eit liv, og ikkje minst kor mange bøker ein rekk å samla seg gjennom eit liv der to bokglade menneske lever saman i meir enn seksti år. Så står me der og skal rydda i to liv, og det er heilt umogleg å ta vare på alt saman, sjølv om det er fire søner som skal dela. Heldigvis så finst det dei som tek i mot bruktbøker og sel dei vidare.

Og i lintøyskapet ligg det nystrokne putevar med broderte monogram og kunstferdige mellomverk. Eg trur nokre av putevara må vera frå generasjonen før den forrige og, for nokre av dei er stoppa, spretta opp, klipte til på nye måtar og sydde kunstferdig saman slik at dei kan slitast der dei i første omgang fekk minst slitasje. Eg hugsar mi mormor gjorde det same. Ho klipte slitne laken over på langs og sydde dei saman med saum på midten slik at det som hadde vore midten kom ut på sidene og det tøyet langs kanten med lite slitasje kom på midten. Ho klipte og opp dei nesten utslitne undertrøyene og skjortene til morfar til vaskeklutar. Det er nesten så eg burde ta vare på det og ta dei med på skulen for å  visa komande generasjon noko om kor nøysomme og oppfinnsomme formødrene deira har vore.

Sidan me bur langt borte må me bruka vinterferien vår til å prøva å ta litt av vår del i prosessen. Og endå så lite eg har fått sjansen til å involvera meg så ser eg at det er eit stort arbeid å rydda bort to levde liv til personar ein har vore glad i. Eg er jo «bare» svigerdotter, så sjølvsagt er heile prosessen annleis enn for dei som ryddar etter to kjære foreldre som alltid har vore der heilt til dei går vekk nesten samtidig.

Nå var det lenge sidan nokon høyrde noko frå meg her, så dette vart nå eit lite livsteikn i alle fall. Av og til krev livet så pass mykje av dei vanlege dagane at det ikkje blir så god plass til skriving. Kanskje det kan bli litt meir nå framover?

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget