Gå til innhald

Når nokon er borte for alltid

januar 26, 2013

lysalter

Når nokon er borte for alltid

står du der med skapa deira

med alle kommodeskuffene

med fotoalbuma

med gulna bilete,

med brevbunker

du ikkje heilt veit

kva du skal gjera med.

*

Du står der

med alle samtalane

de eingong hadde

og med dei

som av gode

eller svært lite

openbare grunnar

aldri fann stad

og får plutseleg lyst

til å gråta.

*

Du ser dei på bilete

dei har vore unge ein gong

vakre

med ansikt som framleis

var lite merkte av livet,

med denne utstrålinga

av tru

på alt som koma skal.

*

Du ser at dei var unge

langt yngre enn deg sjølv

kanskje til og med yngre

enn barna dine

og står der med fasiten

i handa om korleis

livet vart,

for har du ikkje sjølv

sett dei sleppa taket

gje kroppen tilbake

til jord og oske,

*

Du innser at det meste

veit du ikkje

slett ikkje

slik dine eigne barn

ikkje veit det meste

om deg,

og som du

sjølv om du gjerne ville

ikkje veit det meste

om dine barn.

*

På fotografia ser du

ansikta som ikkje lenger er,

ser dei har levd,

har elska og lengta.

*

Åra er

lagde vekk

du skal opna skuffene

leggja livet som var

i store kassar,

i svarte sekker

i den store containaren

som plutseleg står der.

*

Du står og skal sletta spor

står og skal ta vare på

det som er og det som var.

*

Skal sjå på ditt eige

ansikt i spegelen

sjå at har gått

ein veg og ein motbakke

du og,

at du har lagt frå deg

dei første unge trekka,

gitt dei vidare

og stsannsynlegvis

er det verkeleg

deg sjølv

du ser

i spegelen borte på veggen.

*

Du drikk eit glas vatn

tappa frå kranen

og lurer på

om det gamle melkeglaset

med det litt matte skjæret

er verd å ta vare på.

*

Du kastar tannbørstene deira

og lurer på om du skal ta med

resten av bomullen

i posen på badehylla

eller kasta der som er att.

*

Du finn syltetøyglas

fulle av bær

frå ein sommar

du ikkje klarer å henta fram frå minnet.

*

Var det den sommaren

barna laga hytte

saman med farfar?

*

Den sommaren

Ingrid fekk svart fløyelsstoff

med gullmønster på

frå tante på

gebursdagen

som me sydde veske av

ute i hagen?

*

Den sommaren

begge jentene fekk

raudstripete kjolar

som farmor hadde sydd

på den grøne symaskinen

og stroke møysommeleg

på strykebordet i stova

med strykejernsspissen pertentlig

inn i ei og ei av dei små rynkene i livet.

*

Kanskje det var den sommaren

farfar forærte oss

ei gulna skoøskje

full av teatersminke

frå den gongen

han spelte studentrevy?

*

Seksti år gamle

klissete sminkestifter

og ein hitlerbart

med tilhøyrande klister

i ei lita gulna flaske.

*

Me snublar i alle minna

i alt som får plass

i eit menneskeliv.

Kanskje er me i ferd

med å finna ut

kva livet er

oppdaga det

steg for steg

etter femti år i bransjen?

Sykkel i snø desember

Heidi

From → sorg

2 kommentarar
  1. Sunniva permalink

    Sterkt, og nydeligt. Såg bilde av farfar i dag, og kjente klump i halsen. Vanskelig å veda ke enn ska gjer med savnet.

  2. Du skal bera det med deg, etterkvart når det blir slipt og ikkje gjer så vondt lenger, så blir det som ei glatt perle. Eg har opplevd det med dei av mine besteforeldre som ikkje er her lenger.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: