Som seie alt ska bli te støv
Det fins ein fryd
i skjøre siv,
i kver antydning av et liv.
Det står ein lyd
fra fuglatrekk
som seie alt ska falla vekk.
Eg blandar Vamp inn i dette innlegget. Slik eg har forstått det, handlar songen «Liten fuggel» om det å mista nokon…
Opprinneleg hadde eg tenkt å bruka Halldis Moren Vesaas sine ord «Bunden med sterke røter til menneske og til ting…» Eg likar å tru at eg ikkje er spesielt materialistisk, og at eg ikkje er spesielt bunden til ting…
Kanskje vitnar min store motvilje mot å kasta noko som helst om det stikk motsette. Det står sin prøve å rydda eit hus etter nokon. Med stor sorg måtte me pakka tusen bøker i kassar og håpa at nokon ville bli glade i dei. For første gongen vart den veldig ryddige og fint organiserte heimen forvandla til ei blanding av antikvitetsbutikk, loppemarknad og slagmark. Bare det gjer litt vondt. Kven har hjarte til å senda gammalt handarbeid og lett gulna handhekla sengeteppe til Fretex? Ikkje eg i alle fall. Kasse på kasse vart pakka for å leggja i bilen.
Noko av det som best beteiknar dette med affeksjonsverdi må vera julepynt. Kven orkar å kasta ein papirnisse som nesten ikkje er nisse lenger, og som sikkert var utan ein kvar økonomisk verdi i opphavet og, men som har hatt sin faste plass blant julepynten i seksti år? Og kva med den ein gong sirlege fletta julekorga i falma silkepapir, som mest ikkje har hank lenger. Eg skal ikkje gjera meg verre enn eg er, og seia at desse to siste tinga nå ligg heime på Bryne, men så var det då heller ikkje i min barndomsheim denne eigentleg ganske stygge nissen ein gong haldt til. Den piperøykjande, og lite politisk korrekte julenissen øverst på biletet, prøvde eg å reisa i frå, men jammen fulgte han ikkje med på lasset heilt til Jæren, og akkurat det var ikkje ein gong min feil… Eg prøvde faktisk å seia at eg ikkje ville ha han… Men nokre av englane derimot…
Det fins ein klang
i malm og løv
som seie alt ska bli te støv.
Som nattens rov
ska alt bli glømt,
av denna lov e alle dømt.
Det at me var så heldige å få hjelp av Sunniva, gjorde ikkje at me fekk eit mindre «flyttelass» Ho dukka med stor interesse ned i korger med gamle solbriller, posar med gamle belter, boksar med gamle knappar og i farmor sine sysaker, og elska mykje av det ho fann. Velsigna vere henne for det. Her er ho med farmor sine solbriller, farmor sin bluse og farmor sine perler, som ho fekk arva til konfirmasjonen. Dei to hadde eit sterkt og spesielt forhold.
Men hvis eg ser
ein liten fuggel,
så fyke lavt på gylne vinger,
då plukk eg an ner
med mine hender.
Så kanskje synge
du ein sang
om himmelrik og fjerne land,
om smale smau
og vildenvei,
om trygge havn og farbar lei.
Og fasiten vart ein bil og ein tilhenger full av kassar, posar, dukar, handkle, broderte putevar, malerier og gamle broderte putevar. Resten av fasiten ventar oss i påsken, for me fann ut at me måtte låna ein varebil for å få med oss eit piano, ein gammal kommode og farmor sitt sybord og gamle symaskin.
Så føre vinden
deg av sted
når minnet ditt e lyst i fred.
Det finnes trøst,
det fins ei havn
for kver ein savna, kvert et navn.
Og resten av vinterferien brukte me til å prøva å plassera alt dette i skap og i skuffer, på vegger og på golv heime hos oss sjølve. Eit stort og intest arbeid, og ikkje er me komne i mål… Og kor mange servise har ein eigentleg bruk for? Kor mange diktbøker, biografiar, glasskåler og vasar. Ikkje spør meg, eg har ikkje lyst til å svara akkurat nå… Eg har prøvd å senda litt av vårt eige til Fretex fordi me skal få plass til det gamle nye… Det og er vanskeleg, og eg vil ikkje ein gong prøva å påstå att alt dette er ting me treng…
I dag og i går har me av alle ting vore på kurs i argentinsk tango. Utan å vera overdrive sjølvkritisk, vil eg påstå at eg var den klart svakaste i klassen. Det har ein lærar heilt sikkert godt av å vera av og til… Men instruktørane var tålmodige, vennlege og oppmuntrande, og det var i grunnen ganske kjekt.
Ja, hvis eg ser
ein liten fuggel,
så fyke lavt på gylne vinger,
då plukk eg an ner
Med mine hender.
Då seier eg takk for merksemda og takk til vamp. Eg avsluttar med eit dikt eg akkurat har skrive som handlar litt om det same, bare på ein litt annan måte:
Menneske treng menneske
til inngang
og til utgang.
*
Til å vera der
og venta saman med
når romma blir for store
og orda blir for små.
*
Menneske treng menneske
på rare dagar
på viktige dagar
og vanlege dagar.
*
Treng menneske
når dører skal opnast
og dører skal lukkast.
*
Menneske til å pusta saman med
Til å venta saman med
Til å vera
saman med.
*
Bare vera saman
medan George Harrison sin gitar
græt stille og vennleg
ein stad i det store romet.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Bøker, Livet og alt ein burde ;-), Poesi, sorg, vinter



Så vemodigt, vakkert, og trist skrive gode Heidi! Eg kjennar meg att i kvar ein smitt og smule du beskriv, og du beskriv det så godt! Og eg er einig med deg, Ein liten fuggel er ein god sang til trøyst når ein har mista nokre nære.. *sendar deg ein trådlaus klem*
Ein trådlaus klem tilbake, Gunhild Malena 🙂