Gå til innhald

Sorg er eit rom i livet

mars 3, 2013

lysalter

Det siste året har me vore tett på det å sjå nokon bli gammal og sjuk. Først skjedde det med begge svigerforeldra mine, og nå står onkelen min midt i den same problemstillinga. Han er nå heimsend frå rehabilitering etter sjukehusopphaldet, og eg kryssar fingrar og tær for at han skal vera frisk nok til å klara seg aleine med fire daglege besøk frå heimesjukepleien, og med litt ekstra støtte frå familien. Eg håpar så inderleg at han skal koma seg såpass at han framleis kan få nokre år med livskvalitet og livsglede.

Kanskje eg først nå er vaksen nok til å forstå og kjenna på den smerta og sorga det må bera med seg å kjenna kroppen svikta. Svikta slik at alle daglege gjeremål blir nesten uhandterlege utan hjelp, og korleis det må kjennast når ein er så svak og sliten at ein nesten ikkje har krefter til å halda tankane sine så klare at ein kan tenkja dei ut og halda fast i logikken. Nokre menneske ser ut til å ha fått evna til å kjenna livet som ei gåve så lenge ein har det. Måtte dei som ser livet på den måten dei har kjend det til nå, langsamt gleppa ut av hendene, framleis evna å sjå gledene og halda dei tett inntil seg. I slutten  av eit liv, blir ein akkurat som det vesle barnet, heilt avhengig av at andre er der, støtter, hjelper, forstår og lyttar. Eg ser at det er fantastisk mange varme og tålmodige menneske i eldreomsorgen, og takkar Gud for det. «Eit samfunn skal målast etter korleis dei tek seg av sine svakaste,» har eit eller anna klokt menneske sagt. Eg ser meir og meir at dei svakaste ikkje bare er barn og funksjonshemma, men og gamle menneske. Tenk om me kunne læra å sjå på dei eldste som ein ressurs og ei gåve me framleis får lov til å ha hos oss…

Helga har i det store og heile vore god. Eg har fått tid til å trena, slappa av, gå på besøk og ha besøk. Dagane blir lenger, og morgonane blir lysare og kvitare for kvar dag som går. Dei siste vekene har eg sett korleis sorga plutseleg kan slå ned der ein ikkje ventar det. Sorg er eit rom i livet, tenkjer eg. Det siste året har eg vore meir i det romet enn nokon gong før, likevel er eg mest i andre rom, den sorga eg personleg har møtt har til ein stor grad vore den naturlege sorga i å fylgja nokon ein har vore glad i den siste etappen når dei har nådd høg alder, og det er naturleg å takka for seg. Samtidig har eg sett sorga gripa tak i folk som er nær meg på brutale og tilsynelatande meiningslause måtar.

Eg tenkjer at me må læra å ta vare på livet. Både det livet som ligg i romet merka «sorg», og alt det livet som er i andre langt lysare rom. Det er nå me lever, nå me kan gjera noko med alt det som er livet vårt, og liva til dei me har rundt oss. Eg tenkjer at eg er heldig som trur at eg er ein del av ein større samanhang. Uansett kva ein måtte tru og tenkja, så er då sitata under, henta frå Salmenes bok fine og verd ettertanke:

For mine tider er i di hand.

Lær oss å telja dagane våre så me kan få visdom i hjartet.

Setningen «Sorg er eit rom i livet,» har svive i tankane mine. Eg har kjend at det er begynnelsen på eit dikt. Kanskje det til slutt blir heilt likt diktet nederst i innlegget, eller kanskje eg forandrar det slik at det blir heilt annleis?

***

Sorg

er eit rom i livet,

eit rom med mjuk musikk

frå fløyter og fiolinar,

der veggene held deg fast

og du kjenner din eigen pust

som bølgeslag

frå eit større hav.

Sorg kan bli melodien din

eller i det minste refrenget.

Nokre gonger,

men ikkje alltid

kan du gå ut

for å trekkja pusten,

lukka døra bak deg

og i beste fall få sol i ansiktet.

***
Heidi

From → sorg, våren

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: