Men framleis er nåtida
Nåtida på kjøkkenet,
alle dei arva skålene
på kjøkkenbenken
svigermorskåler som framleis ikkje
har fått skap eller hyller å bu i,
dei visnande påskeliljene
på kjøkkenbordet,
påskeduken etter svigermor,
ei gryte med grøne erter på kok.
Dampen med ange som tek meg tilbake,
eit streif av barndom og sundagsmiddag,
av barnet eg eingong var.
Strekken i ryggen frå sist måndag,
ei framleis framand smerte,
ei kjenning av noko
som kanskje skal koma,
av henne eg kanskje
ein gong skal bli.
Men framleis
gøymer eg
påskeegg i papp
til vaksne barn og hundar
bak sofaputene mine.
Framleis er framtida
noko eg ikkje har møtt.
Eg vaskar ei gryte,
og tenner eit lys.
Eg opnar hendene og hjartet
og plutseleg gjer eg det same
som i den gamle songen
surrender all.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Barndomen min., Mat, påske, Poesi
