Gå til innhald

Lyset

mai 2, 2013

vipe

Framleis er det kaldt. Eg syklar til skulen med vintersko, vinterkåpe, ullskjerf og ullstrømpebukse. Men lyset er her. Lyset seier at det ikkje er vinter, det er kald vår og snart sommar. Medan eg syklar skin sola, men plutseleg, nesten frå klar himmel, begynner det å hagla… Eg såg at det hadde hagla i natt og, for det var kvite felt på taka i gata vår. Eg tenkjer med meg sjølv at på trass av litt hagl og regn, så kjendest det merkeleg behageleg å sykla til jobb i dag. Eg er nesten framme før det går opp for meg kva behagsfaktoren er… Eg har ærleg og rederleg gløymt sykkelhjelmen att heime.

Det har blitt påbod med sykkelhjelm på skulen der eg jobbar. Elevar får anmerkning og melding med heim dersom dei kjem syklande utan sykkelhjelm. Det er me alle samde om må vera ei grei ordning, for trafikken rundt skulen vår like før skuleklokka ringjer om morgonen er ikkje akkurat oversiktlig og trygg. At eit slikt påbod må gjelda syklande lærarar er og nokså opplagd… I alle fall i teorien. Eg må innrømma at sykkelen stod heime dei første månadane etter at påbodet trådte i kraft. Jo visst, eg forstår at det må vera slik… Sjølv om eg syklar som ei gammal tante, svært defensivt og rett i ryggen, med ikkje alt for stor fart på den lilla blomstrete sykkelen min med bakbrems, fem gir og fin korg på styret. Eg må innrømma at hjelmen er der meir for å unngå å vera eit dårleg eksempel, enn for den overhengande faren for å bli trafikkskadd, men det er sikkert ein hovmodig tanke…

Dagen har vore fullpakka med undervisning, foreldresamtale og kveldsjobb i kulturskulen. På eit lite knips kjende eg at eg plutseleg var blitt forkjøla, så nå pøser eg chili-te og et blåbær medan eg tygg råmjølkstablettar. Råmjølkstablettar, i dette tilfellet curamed, er det einaste eg har tru på mot forkjøling. Eg meiner bestemt eg har tilbakevist fleire komande forkjølingar på den måten.

Ryktene innad i familien seier at farmor er betre. Det er eg glad for å høyra. Eg kryssar fingrane for å få behalda henne ei stund til, sjølv om ho har svært høg alder nå. Men ho blir på sjukehuset ei stund til i alle fall.  Og katten søv på musematta mi med ryggen mot datamaskinen. Sova ja, det trur eg eg og vil gjera.

Heidi

From → Farmor, mai, våren, veret

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget