Gå til innhald

Tango, katt og fransk kafé

mai 3, 2013

8704779911_d585657cab

I dag hadde eg fri og fekk besøk av venninne og tidlegare kollega, Tove, som ikkje bur her lenger, men som har familie ho besøkjer av og til. Sidan dagen var uvanleg grå og regnfull, starta me han med fleire krus varm kaffi heime i sofaen. Etterpå tok me ein liten ekskursjon til Garborgsenteret og vart sitjande på den franske kafeen som er i same bygget med deilig «tarte de onion» eller noko slikt, ein slags løkpai eller kanskje like mykje ein urfransk variant av den italienske pizzaen. Der vart me sitjande og prata i ein tre-fire timars tid ,det er så deilig av og til å bare ha tid til å prata om livet og alt og ingenting.

Forkjølinga har sett seg litt meir fast enn eg hadde tenkt, og vel heime att vart det chili-te, strikketøy, ullteppe og kos med hund og katt. Tankane på farmor har prega dagen i ganske stor grad, eg er heldig som får medisinske bulletiner frå den andre sida av fjorden der ho bur og nå ligg på sjukehus. I dag hadde ho vore oppe og gått litt. Ho er rørande oppteken av farfar som nå har vore død i tjueein år.  Det er sjeldan eg har opplevd eit menneske med ein så stor og uforbehalden kjærleik til mannen sin som det farmor hadde.  Dei hadde eit langt ekteskap i lag før ho døydde, og nå har ho hatt eit langt liv utan han og. Eg synest det er fint å tenkja på at når ho ein gong, nå eller om lenge, om Gud vil, går over til den andre sida for å møta han igjen.  Det er sårbart å tenkja slik. For nokon er sikkert slike tankar det reinaste sprøyt, men for meg er det eit håp. Eg har etterkvart levd lenge nok til å sjå fleire eg har vore glad i døy, og når eg ser dei etterpå er det tydeleg at det som er att bare er ein kropp, ikkje eit menneske lenger. Det er som ein hanske nokon har teke av seg fordi dei ikkje lenger hadde bruk for han.

I kveld tok den tangoglade mannen i mitt liv meg med på tangooppvisning på Hå gamle prestegård. Der fekk me høyra og sjå tangoens historie frå tangoen oppstod, kanskje på bordellane i Buenos Aires gjennom mange periodar fram til nå. Dei to argentinske dansarane hadde levd og dansa ei stund. Dei tok oss med på ei rørande reis gjennom mange epokar iførte mange ulike kostyme. Det er verkeleg flott å sjå folk dansa tango. Tango blir beskrive som ein måte å dansa sorga si på, eller ein måte å dansa livet sitt, eventuelt lidenskapen sin på. Det seiest at tango kan ein dansa så lenge ein lever, så sant beina framleis er nokonlunde brukbare. Det er ganske kjekt å dansa tango og, men nokon dansar er eg ikkje, så ein flink tangodansar kan eg ikkje tenkja meg at eg nokon gong blir. Men det er ikkje alt ein treng å bli så flink til då… Me var der saman med dansande venner, og etter danseoppvisninga fekk me servert argentinsk mat, argentinske pølser med ein pestoliknande saus og empanadas. Det smakte riktig godt, og det var hyggeleg å sitja saman rundt bordet. Dette vart viss den store kafédagen.

Då klokka var ti, gjekk me ut for å prøva å fotografera litt. Me var på prestegarden nede i havgapet, så motiva var mange og vakre. Som eg skreiv i går, så er eg djupt fascinert av dette fantastiske morgonlyset som seier at det nesten er sommar, sjølv om ver og temperatur minner meir om haust eller vinter. Dersom ein vil vera ekstra velvillig innstilt kan ein kanskje seia at det dannar ein spennande kontrast… Yngsteguten er på russetreff og søv i telt. Det høyrest gruverdig kaldt ut, eg veit ikkje om han har hatt vit til å ta med varm sovepose. Men dei søv vel kanskje ikkje så mykje, og frys nok ikkje i hel… Og kven veit. Kanskje blir det sol i morgon?

 

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: