Første sommardagen
I går opna det seg eit hol i dagen, og me fann ut at me hadde tid til ein spontantur til farmor. Det måtte jo vera ein utmerka måte å feira at kalendaren nå viste sommar. Halvard kunne ta det som øvekjøring. Halvard og faren i framsetet og eg og Ingrid i baksetet på Halvard sin nyinnkjøpte bil. Vår er framleis på verkstad. Det var faktisk ganske god plass i bilen. Me kunne trilla rett ombord på ferga.
Då me kom fram til sjukeheimen, fekk eg eit positivt sjokk, ingenting mindre. Der sat farmor i stolen på romet sitt og såg så godt som frisk ut med ei bunke aviser i fanget og med Siv på besøk. Det hadde eg aldri forventa meg så pass dårleg som ho var sist eg såg henne. Ho insisterte på at me skulle dela nokre nysteikte potetkaker med smør og sukker som Siv hadde hatt med seg. Det vart ei halv til kvar. Potetkaker med smør og sukker er farmormaten meir enn noko, og smakte sterkt og tydeleg av barndom. Farmor fortalde at det såg ut som om ho var på veg heim, fordi dei meinte ho var for frisk til å vera på sjukeheimen nå. Eg spurde om ho kjende seg frisk nok til det, og ho svarte at ho «skulle nå klara å smøra seg ei skjeva sjøl», viss ho vart svolten…
Som ho seier sjølv «Eg e jo snart hondre år, så eg må godta atte ikkje alt e så før.» Det er sant, men eg må seia at eg vart så utruleg glad for å sjå ho så frisk igjen. Heia farmor!
Eg sit og jobbar med skrivekursboka vår. Der fann eg eit surrealistisk farmordikt som min flinke skriveelev Silje ha skrive. Det passar kanskje ikkje heilt inn i konteksten, men me tek det med likevel. Verda er full av rare of merkelege små puslespelbitar.
Perletårntivoli
Farmor har bygd ein by
ein fanga by,
utan stjerner.
Torer du?
Søvnige popcorn
i det raske mørket.
Prikkesundag,
farmor skapar perler,
utan å løfta noko.
Eldgamle morellar,
med eple og ring.
Farmor er søvnig nå.
(Silje Ree)
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Barndomen min., Farmor, Uncategorized
