Gå til innhald

Fly din eigen veg

juni 8, 2013

bokforside

Av og til i livet mitt kjem det veker som er så stramt møblerte at det einaste alternativet er å gå i dei ferdiglagde gjerningane, som det heiter så fint i skrifta. Dersom dei ferdiglagde gjerningane er av det lystbetonte slaget, kan vegen gjennom dei vera reine festreisa i liv, sjølv om det er lange dagsetappar. Dei siste vekene har vore i denne kategorien, og eg har hatt ei fin reise.

Nå er dei siste teaterforestillingane viste og arkiverte. Eg har klart å få boka «Fly din eigen veg», som eg har laga saman med skriveelevane mine i kulturskulen, til trykkeriet. Ein kveld var me ved sjøen for å ta framside og baksidebilete til boka. Biletet over spelar på tittelen om å fly sin veg. Eg er fornøgd med at me fekk bilete som var gode nok til å brukast, sjølv om eg denne gongen måtte fotografera sjølv. Dessverre var det ei av jentene som ikkje kunne vera med, men dei andre gjorde ein fantastisk jobb som fotomodellar, og eg kjende at det å vera på fototur nede ved havet ein junikveld var akkurat det eg trong. Det fungerte faktisk som eit skikkeleg pustehol. Då eg kom heim var eg opplagd og motivert at det å få boka i havn gjennom redigering av ferdige tekstar var bare lystbetont. Eg var ganske fornøgd med meg sjølv då eg trykte på ferdigknappen klokka eitt om kvelden. Litt mindre fornøgd var eg då eg sekundet etterpå oppdaga at eg hadde gjord ein feil. Boka var redigert i feil format og ville bli ei praktbok som var fire gonger dyrare enn den enkle pocketvarianten eg hadde budjsettert med. Dessverre lot det seg ikkje gjera å omformatera, så då var det bare å begynna på ny med fire- femtimars redigeringsarbeid… Men «alt går om ein ikkje kjem i ulage sjølv», som Arne Garborg seier. Dette hadde eg faktisk klart heilt aleine utan hjelp, til og med fotograferinga, og då var det all grunn til å tru at eg ville klara det ein gong til i rett format. Nå er boka bestilt. Ho vart på ca 118 sider, og eg trur ho vert fin. Det kjennest godt å vera ferdig.

På onsdag var eg og Gunn på Tønes-konsert på friluftshuset i Brekko. Det hadde vore bestemt i mange månadar, og godt var det, for elles så hadde eg kanskje tenkt at eg ikkje hadde tid. Det vart ein veldig koseleg kveld. Etter konserten sat me godt påkledde utanfor lokalet og drakk varm kaffi frå termos medan junikvelden hald fram med å vera lys. Juninettene er noko av det vakraste eg veit. Det er bare synd at me må sova litt innimellom.

Torsdag var ein kveld me hadde gledd oss til lenge. Me hadde planlagd ein hemmeleg fest for rektor, Berit, som går av med pensjon nå til sommaren. Under dekke av å arrangera sommarfest for personalet hadde me snekra saman ein heil liten revy med mange ulike innslag; fleire nyskrivne  songar framførde av flinke folk i personalet, hemmeleg heime-hos-reportasje, ulike talar og biletshow. Heldigvis vart kvelden akkurat så fin som me hadde tenkt oss. Pyntekomiteen hadde vore tidleg ute nede på mølla og dekka nydelege langbord med masse ville lupinar, og hovudpersonen vart akkurat så overraska og glad som me hadde håpa på. At toastmasteren ei halvtime før opninga fekk ein sjanpanjekork i auget og gjekk ned for telling, gjekk heldigvis bra. Kim er ikkje den som gir seg så lett, så oppdraget vart gjennomførd med stil.

I går var eg så trøytt då eg kom heim at eg sovna pladask i senga i eit par timar. Så kom Ingrid på besøk med forsinka gebursdagsgave, ei stor glaskrukke med heimelaga knekkebrød, kjempekoseleg. På sundag hadde eg jentekveld med døtrene mine, me var først på kafé, så gjekk me på kino og såg «Den store Gatsby.» Det å ha vaksne døtrer er veldig koseleg.

I går kveld hadde eg litteraturgruppe saman med gode venninner. Og nå er eg komen til den mest krevjande delen av ein overaktiv periode; Å vera lukkeleg på andre sida av ekstremt travle dagar. Då sit ein der veldig lukkeleg og veldig sliten, så er det å bita tennene saman og ta fatt på etterslepet i form av alt som gjerast skulle og som har hopa seg opp, samt det å stabla livet tilbake i gode, sunne og bra rutinar…

Og dei andre i huset har og hatt det travelt. Halvard har bestått førerprøven samtidig med at han fekk ein fin praktisk eksamen i film. Sunniva har jobba dobbelt som lærarvikar og ansatt på Kjøkkenet, og Ingrid har gjennomført to eksamenar og levert bacheloroppgåve. Jo då, visst blir det sommar. Nå skal eg gyva laus på husarbeid med stor energi, få planta litt sommarblomar og gått meg ein lang tur. Resten av helga blir roleg. Eg skal bare leggja siste hand på ein iop, og i morgon skal eg fortelja på toppen av høghuset. Det skal bli gode greier dette…

Heidi

2 kommentarar
  1. Sissel Reierson Brekke permalink

    Kost meg med enda en av dine tekster. Gleder meg til hver enste nye tekst du legger ut.:-) misunner deg energien.

  2. Eg kan nok tenkja meg felt i livet der du har meir energi enn meg Sissel… Men veldig kjekt at du koser deg meg tekstane mine 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: