Deilig sommarhelg
Etter nokre timar med skriving og kontorrydding på føremiddagen i går, bestemte me oss for å ta helg frå ryddeprosjektet. Me reiste inn til Stavanger, der me hadde avtalt å møta Heidi og Per Inge, som har vore nære venner av oss heilt sidan Sindre og Odd Christian vart fødde for tjuesju år sidan. Då me hadde små barn på same tida var me så mykje saman at ungane våre nærmast rekna dei som ein del av familien. Det er ikkje heilt slik ein skulle tru, at når barna veks til har ein endå meir tid til å vera saman med venner. I alle fall så ser me einannan langt sjeldnare enn me gjorde for tjue år sidan, men det er alltid utruleg kjekt å vera i lag med dei. Me gjekk for å eta lunsj saman på ein ny restaurant med det lite norskklingande namnet «Fish and cow». Der åt eg og Heidi noko så eksotisk som strandkrabbesuppe med fenikkel, og steikte krabbekaker. Mennene haldt seg til ku-delen av stadnamnet, så fekk me prøvd alt. Maten smakte veldig godt. Etterpå gjekk me tur i bygatene og såg på båtar som låg til kai i ein nokså forblåst sommarby. Dessverre er det slik her at sola ofte får følge av nordavinden, og då får ho ein kald konkurrent kva varme angår… Men det er ein vakker by me har, så velkomne til Stavanger alle de som ikkje bur her. Vannliljebiletet er frå Breiavatnet, som ligg midt i byen.
Og her er det flottaste venneparet i verda i ei av dei fine brusteinsgatene 🙂
Då me kom heim, haldt jentene våre på å laga seg god kveldsmat, etterpå hadde dei bestemt at dei ville sjå filmen «Spring breakers». Eg spurde om eg kunne få sjå han saman med dei. Dei advarte meg med at det var ein veldig sterk film, som eg nokså heilt sikkert kom til å hata. Med bange aningar sette eg meg til å sjå film, og eg må innrømma at det var ganske sterk kost. Filmen handla om det meste ein fryktar at tenåringsdøtre i aller verste fall kan rota seg borti. Som film var han likevel overraskande fin, og godt laga. For ein gongs skuld var det ein amerikansk film heilt utan «happy ending» og moralen i den grad han var til stades var så kolsvart at det kanskje kunne setja eit negativt avtrykk av korleis ingen eigentleg ynskjer at noko skal vera. Handlinga var i motsetnad til i dei fleste amerikanske filmar totalt uføreseieleg. Dersom nokon som les dette har sett filmen, så vil eg gjerne vita kva det tenkjer om han. Sjølv er eg litt i tvende sinn, men filmen fekk meg til å tenkja, og det i seg sjølv er ikkje negativt. Eg trur eg og døtrene mine var ganske einige om innhaldet, men dei var nok endå meir positive enn meg til at det faktisk var ein god film.
I dag har me hatt ein avslappande sundag, med ein roleg start på dagen med avislesing, kaffi og ei lang skriveøkt. Komande veke skal me på Korsveifestival, så i dag tok eg rett og slett gudstenestefri med godt samvit… Eg inviterte foreldra mine og Ingrid og Oddvar til gammaldags sundagskaffi. Begge gutane er ute og reiser, men Sunniva var heime. Serveringa vart tynne nysteikte pannekaker med is og friske bær, og i tillegg heimelaga lefser som eg kjøpte på eit gardsutsal i går. Av og til nyt eg å lata som om eg er ei litt flink husmor… Eigentleg veit eg at eg ikkje er det, men det er ein annan historie.
Stettefatet og skålene kjøpte eg hos ein keramikar på Ona, då eg var der for to somrar sidan saman med ein herleg damegjeng frå Sunnmøre.
Og så var det dagens dikt… Dokke trudde vel ikkje at eg hadde gløymt intensjonane mine…
Dagens diktar heiter Vita Andersen og er dansk ho og. Diktboka heiter «Næste kærlighed», og er ei veldig tynn lita bok eg kjøpte i ein dansk bruktbokhandel for nokre år sidan. Det er ei skikkeleg «68-ar-bok», i ein lyrisk form for feministisk sosialrealisme som minner meg litt om Dea Trier Mørk, som heilt sidan eg var ung jente har vore ein av yndlingsforfattarane mine. Det er ho med «Vinterbarn», for dei som måtte hugsa henne. Men nå var det Vita Andersen… Eg ser at boka kom ut i 1978 og i si tid kosta 19 kr og 70 øre. Dersom det måtte ha nokon som helst interesse, så heitte den første eigaren av boka Jean…
BALLADEN OM LAILA OG DE ANDRE
Det var Laila der var til fest
og var bænkevarmer
og følte sig ydmyget over det
og sagde til sig selv
at det skulle være løgn
og gik på wc
og knappede tre knapper op i sin bluse
lagde en kraftig make-up
holdt op med at være bænkevarmer
og bagefter blev hun voldtaget
og grædede av skam og ydmygelse
fik hun at vide at hun selv havde været ude om det
sådan som hun så ud.
…
HUN PASSER IKKE TIL SIT LIV
Hun passer ikke til sit liv
hun går til behandling for det
hun har et barn
hun har ingen mand
hun er ansat på et forlag
hun får en rimelig løn
og boligforsikring
hun står op hver dag klokken halv syv
*
hun har aldrig tid til at købe riktig ind
hun har altid dårlig samvittighed
i weekenden ser hun venner og bekendte
hun har altid en utilfredstillet fornemmelse
hun synes det ligesom gør ondt indeni
hun kan ikkje holde det ud.
Vita Andersen
Og sjølv skriv og skriv eg og er i veldig god flyt med dikta, men i dag skal eg ikkje konkurrera med Vita…
Heidi
LIknande innhald
From → Ansvar for verda, Barna mine, Bøker, blomar, Gode venner., Kjærasten min, Mat, sommar, Teater og film., veret


