Gå til innhald

Sol på ryggen

juli 12, 2013

Dette biletet er eg veldig glad i. For meg er det veldig naturleg å sjå ein klovn og ein prest dela ut sakramenta.

Veret i dag har vore sommarleg. Ein pause på terrassen med sol på ryggen og ei god bok gjorde godt. I kveld vart det ein tur langs stranda med kjærasten min og Oscar. Då hadde havskodda sige innover landet og det kvite mørket vart så vått og tett at eg måtte av med brillene for å kunna sjå nokonlunde klart. Over helga reiser me på korsveifestival. Det ser eg fram til. BIletet over er frå ei ekte korsveimesse med klovn og prest og altar i eit sirkustelt. Den store aktiviteten i dag har vore rydding og rydding. Arbeidsromet begynner å koma i orden, det viser bare ikkje på overflata endå. Noko av det verkeleg fine i dag er at eg har funne mange handskrivne dikt og ein del av dei er eg rett og slett ganske fornøgd med. Eg er litt overraska over meg sjølv kor mykje eg har liggjande av slike ting fordi eg lever travle dagar frå hand til munn og ikkje når å gjera noko meir med ein del av det eg skriv.

Men i kveld har eg gleda meg til å presentera eit dikt frå den tjukkaste samlinga eg har i bokhylla, og den nyaste boka eg har. Benny Andersens «Samlede digte». Nå skal eg velgja ein tekst som eg håpar nokon skal ha glede av…

Tja, kanskje dette spillemannsdiktet frå ein diktar som sjølv er musikar?

*

Spillemand

Når jeg spiller

er jeg ikke en anden,

men noget andet

tom for alt andet end musik.

Det er ikke min smerte

eller lykke I hører,

den forsvinder ved første anslag.

Det er musikken

er benytter sig af

at jeg rører ved den

Hvor er musikken-

i mine fingre og nerver?

i noderne?

i klaveret?

i mit hoved?

Jeg ved det ikke nu.

Jeg ved det kun når jeg spiller,

og ingen forklaring behøver,

tom gør jeg plads for musikken.

Benny Andersen

*

Og slik kan det å skapa kjennast, sjølv om ein ikkje er pianist, -trur eg…

Nå må eg snart bli ferdig med denne ryddinga, så ikkjeryddinga kan begynna og få lov å ta plass…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: