Snart på festival
Om mindre om eit døgn pakkar me telt og madrassar og set oss i bilen for å køyra til Seljord på Korsveifestival. Biletet over er frå ein festival for seksten eller sytten år sidan, så dette har me vore med på før. Så godt som kvar einaste festival har me fått med oss, og dei aller fleste gongene har me vore der med heile familien. Minnene frå desse festivalane trur eg står ganske høgt oppe for oss alle når det gjeld fine ting me har opplevd saman. Nå reiser me vaksne aleine, og er spente og forvntningsfulle framfor ei veke i telt med mange impulsar som eg trur blir verkeleg fine å bera med seg vidare. Nå er det dagen for pakking og rigging og ferdigstilling av diverse. Eg har akkurat fått montert ein babyjakke eg har strikka og skal ha med meg austover. Jakken er laga av eit veldig eksklusivt garn, silke og babyalpakka. Desverre var det ikkje det lettaste garnet å strikka fint og jamnt med. Nå har jakken fått seg eit bad i lunka milovatn, og ligg i press mellom tørre handkle, eg håpar det skal gjera susen for å få jamna ut strikkinga litt. Etterpå skal eg ut og kjøpa fine knappar til å ha i han. I følge yr.no renar det ikkje, og skal heller ikkje regna før i kveld. Det stemde ikkje heilt med det verkelege livet då eg gjekk ut for å henga ut den siste klesvasken, så det vart opphenging inne i staden.
Korsveilivet er veldig sosialt, dette er henta frå eit fellesmåltid ein gong for lenge sidan. Dei siste åra har dei til og med begynt å arrangera felles matlaging rundt i tuna med kortreist mat og lokale råvarer. Ein veldig god idé, spør du meg.
Her er det tillaging av grilla sik.
Alt dette kunne kanskje vore god nok grunn til å kosa seg på festival, saman med morsomme kurs i dans og forteljarteknikk, interessante foredrag, gode venner, hyggelege nye bekjentskap, fine konsertar og koselege kveldar på nattkafé. Det heile har vore endå viktigare for meg. Eg har i mange år kjent at dette er ein av dei verkeleg viktige arenaane for å få nye impulsar som truande menneske. Dette er eit forum der eg kjenner at eg er veldig heime. På korsveifestivalar har eg møtt personar som Martin Lönnebo, Magnus Malm og den koptiske biskop Thomas som har vore veldig inspirerande og utfordrande i forkynninga i veldig positiv forstand. Noko av det eg liker best med festivalane er heilskapen, det veldig kreative og livsbekreftande og samtidig ønsket om å vera ein motstraumskultur i ein kultur prega av forbrukarmentalitet, kravet om det perfekte fasadelivet og trua på at meininga med livet er å gjera seg sjølv lukkeleg. Denne motstraumskulturen kan ein sikkert seia mykje om, men for meg har desse tankane vore berikande, livsbejaande og positivt utfordrande. Det er i samsvar med det som i si tid var ein av doktrinene til changemakers: «Det er klart eg kan forandra verda.» Dersom ungane mine har fått dette med seg vidare, ser eg på det som noko av det flottaste eg har kunna gje dei.
Men sjølvsagt er det spennande å skulla dit igjen. Eg les jo at det virkar som forventningane mine er skyhøge. På ein måte er dei det, men samtidig veit eg at eit liv er ei reise gjennom impulsar. Uansett korleis det måtte bli i år, så har Korsveirørsla allereie vore noko av det finaste som har skjedd meg gjennom denne reisa fram til nå.
Og så gjenstår det vesle kunsstykket å integrera dagens lyrikar frå dikthylla mi her. For her hos meg passar alle tekstar, og her går det alfabetisk føre seg. Dagens mann heiter Olav Angell. Han skriv ein del relativt surrealistiske tekstar, og det har eg stor sans for… Diktet eg vil bruka heiter: «Om å ha tillit til små og store bølger». Det er jo ein tittel som appellerer til meg…
Når jeg hører måken snakke
blir jeg betenkt
og tier.
*
Havet er slett ikke
det motsatte av ørken.
*
Nå
har jeg fått nok av
flinke mennesker.
*
Kanskje
en liten bølge vil kjenne meg
igjen når jeg kaster klærne og
svømmer ut til den.
Olav Angell
Så kan denne livsbetraktande katten få lov til å illustrera dagens tekst.
Heidi
LIknande innhald
From → Ansvar for verda, Barna mine, Gode venner., Kattar, Kjærasten min, Korsvei, Mat, Poesi, sommar






Kommenterer på min eigen blogg sidan eg ikkje får til å logga inn. Sit ved leirbålet i behagelig kveldstemperatur klokka litt over midnatt. Dei tretti andre i leiren har gått til ro… Veldig fint å Vera her att, og ikkje minst å møta Astrid og Lars. Fint opningsmøte og fin kveldsbøn etter Taizemodellen. Kaffi og vaffelmannen på nattkafeen etterpå. Ikkje veldig freistande å krypa i soveposen, men eg får vel fylgja flokken og vurdera det…