Gå til innhald

Fullmogen sommar

juli 24, 2013

Melsvatnet

 

I går kjørde me over fjellet og heim. Det er så vakkert her. Etter å ha vore ute og reist ser eg og kor vakkkert det er heime. Akkurat der me bur. Dette biletet tok me då me kjørde forbi Melsvatnet, ti minutt heimefrå då klokka var omlag ti i går kveld. Eg trur at slutten av juli er den aller vakraste tida på året. I alle fall når sommaren plutseleg er her for fullt og overraskar oss alle saman med å vera så frodig, varm og overveldande at me nesten får lyst til å gråta ein skvett. Både fordi det er så fint og fordi det er så forgjengeleg. I dag vakna eg i eige hus til sol og varme og morgonkaffi på terrassen. Sidan eg ikkje skal til Syden, og Syden plutseleg var komen til meg, innvilga eg ein «liggja-flat-på-magen-i-timesvis-med-ei-god-bok-dag». Det var utruleg deilig å liggja der med sol på ryggen medan alle krukkene ute på verandaen stod flinkt og blømde med gule og oransje tagetis og raude og gule begoniaer, alle avla fram i kjellaren til onkel. Denne sommaren får han ikkje sjå dei fine blomane han ville dyrka fram til oss, eg tenkjer tanken med ei tåre øvst i halsen.

Først les eg boka «Tusen ulevde liv», av Thomas Sjödin, som var på korsveifestivalen. Boka handlar om pastoren som treng å ta ein pause frå sitt eige liv fordi livet har mista fargane etter at kona døydde. Han legg eit brev på preikestolen ein sundag han skal tala i kyrkja. Det står det at han har reist vekk og at han kjem tilbake om fire månadar, dersom dei framleis har bruk for han. Det er ei poetisk og fin bok om å finna fram til det eigentlege i seg sjølv, vera forsona med Gud og livet sitt, og om å oppleva å koma nær eit anna menneske. Etter å ha sett ein frosen fiskegrateng inn i steikeomnen, gjekk eg laus på bok nummer to, «Tråden» av Victoria Hislop, som eg så vidt hadde begynt på i frå før.

Det har blitt fire vaskemaskinar med skitne klede me hadde med oss heim, halvparten er allereie tørka i den fine sola. Elles så har me fått pakka ut bagasjen vår og ingenting anna. Det paradoksale er at når det kjem ei lita samling dagar med sommar og fantastisk ver, så får ein enten litt dårleg samvit for å liggja i sola og la alt ein eigentleg skulle ha gjort sigla sin eigen sjø, eller så får ein litt dårleg samvit for å gjera ting inne når ein endeleg kunne ha fått litt sol på kroppen. Slike små paradoks dukkar opp heile tida, men dårleg samvit er lite verd… Kanskje…

Me har ein liten feriegjest hos oss, for Ingrid og Oddvar er på Muse-konsert i Oslo. Eg må innrømma at eg ikkje anar korleis Muse høyrest ut, men ein har då internett, så det kan eg nok finna ut. Sidan mopsar ikkje er spesielt spreke i varmen, venta me til det var blitt litt kjølegare før me tok oss ein kveldstur med Oscar. Her slappar han av i sofaen på den varmaste delen av dagen.

Oscar i sofaen

Nydeleg melankolsk er han i den raude sofaen vår.  Det var heilt nydeleg ute, og me prøvde å ta nokre bilete me kan ta fram i vinter, akkurat som me kan ta fram syltetøyet av dei bæra me i beste fall får plukka.

Eigentleg har eg tusen ting eg har lyst til å skriva etter veka vår på korsveifestival, men eg fann ut at det vart lettast å opna formidlingsbehovet med litt her-og-nå-tankar. Kanskje eg skriv eit nytt innlegg seinare. Nå skal eg til bokhylla og plukka fram dagens lyrikar for å sjå om eg finn noko i den boka som står for tur som kjennest relevant for dagen i dag…

Sommar ved tjødna

 

Dagens lyrikar heiter Frank O Anthun, og boka heiter «Bilder fra Bretagne». Dei to første dikta har imidlertid overskrifta «Fra naturen i Vest-Norge.» Eit av dei dikta vil eg bruka her.

*

Når alt er stille

blir skogbunnen mykere,

barnåler spissere,

og bladene større,

himmelen blir klarere,

og stiene går riktig vei.

Frank O Anthun

*

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: