Visst ville eg ha vore 25
Merkeleg nok har den same debatten gått både på nettet og på radioen. Var det eigentleg betre før? Ville folk ynskja å bli 25 år igjen dersom dei kunne? Det som overraskar meg litt, er at dei fleste seier, at nei, dei ville ikkje bli tjuefem igjen. Dei har det mykje betre med seg sjølv nå, anten dei er førti, femti eller seksti, så seier dei omtrent det same. Men som ei dame på åtti sa på radioen i dag; det som var betre før var at eg var yngre. Visst, det blir ei umogleg problemstilling… Eg ville jo ikkje hoppa ut av livet mitt og gi barna mine tilbake til det store evige, men visst skulle eg lika å ta utdanning ei gong til, oppleva småbarnstida ein gong til, og ha tre fjerdedeler av livet framfor meg i beste fall i staden for mindre enn halvparten. På biletet over er eg forresten ikkje 25, men tjuetre, men det går vel ut på det same. Og viss barna mine les dette, får eg trøysta dei med at nei, eg gjekk ikkje rundt med den hatten til vanleg, det var mest i anledning biletet… Far deira gjekk derimot med ein matrosdressbluse han hadde kjøpt på loppemarknad…
Men visst hadde eg sånn bukse då eg var tjuefire år og nygift, og på bryllaupsreise i dåverande Vest- Berlin, og vart fotografert med ein tilfeldig tyskar. Eg syntest til og med at buksa var ganske fin. Då me kom heim hadde eg muntleg eksamen på MF, og eg hugsar eg stilde med musefletter, piratbukse, Minnie Mus T-skjorte og svart silkejakke…
Dei siste dagane har me brukt mykje tid på maling, med radioen på P2 og godt selskap, har det vore ganske triveleg. Og fint og blått har det blitt, men eg vil ikkje ha malarpolitiet dit med skarpe kritiske blikk. Det viktigste er at me faktisk har gjort det, og at det var ganske kjekt. Korfor pussa me ikkje opp der for ti år sidan, det trongst då og…
Først brukte me to dagar på å grunna med to strøk kvit grunningsmaling, og så vart det blått.
I dag har det vore «mykje ver». Det har vore tretti grader varmt, og ein varm vind, nesten som fønvind, har blese kraftig. Om kvelden utvikla det seg til kraftig torever og massivt regn. I dag kom både Ingridog Oddvar og Odd Christian glade og fornøgde heim frå ferie, så me arrangerte familiemiddag med Vilde inkludert. Me åt middag med open verandadør og lyn og torden ute, men likevel var det heftig varme bådr ute og inne.
Eg prøvde meg på ei nokonlunde anstendig leggjetid, men det var framleis så varmt og lummert, og eg så pass allergisk at eg fann ut eg heller ville unna meg å bedriva litt skriving i natta. Det er trass alt sommarferie i meir enn ei veke til, så det er nå eg har sjansen. Nå skal eg slutta med dagens gjestepoet. Me er nå komne fram til KJellaug Marie Bakke i lyrikkbokhylla mi. Ho er tante til mi venninne Inger, og gav ut den første boka si i ein alder av 69 år. Det står det respekt av. Boka heiter noko fint og: «Takk Gud for livet.»
Mange gruar for kvelden
og einsemda.
TIl meg kjem natta som ei gåve som er meg gjeven
til kvile for sinn og kropp.
Eg sørgjer ikkje over dagen i går,
den er ferdig.
Eg ligg ikkje vaken
for morgondagen,
den vil tidsnok koma.
I dag rakk kreftene til,
og eg sovnar med ein sukk og sæl takksemd.
Kjellaug Marie Bakke.
Og det får eg og gjera eit forsøk på, for nå er det snart morgon…
Heidi


